Statsforvaltaren kontrollerte fleire tvangsvedtak i 2020
Statsforvaltaren er klage- og kontrollinstans for mange vedtak om bruk av tvang i helse-, sosial- og barnevernstenestene. I 2020 hadde vi totalt sett eit større tal saker i Vestland fylke mot året før.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er viktig at tenestene fyrst har freista friviljuge tiltak dersom dette er mogeleg. Når det er naudsynt med tvang må dette skje etter ei grundig fagleg vurdering, og framgangsmåten skal vere samsvar med lova.
Tvang i barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter
Vi gjekk gjennom 1607 vedtak om tvang, og behandla 69 klager om bruk av tvang i barneverninstitusjonar i 2020. I 14 saker fekk barnet heilt eller delvis medhald i klaga. I gjennomsnitt blei klagene behandla innan 15 dagar. Vi gjennomførte i fjor 107 tilsyn ved 16 ulike institusjonar med til saman 49 avdelingar.
Tvangsmedisinering i psykiatrien
Tvangsmedisinering i psykiatrien kan klagast på til Statsforvaltaren, medan klage på andre tvangsvedtak ligg under kontrollkommisjonen ved sjukehuset. I 2020 avgjorde vi 203 klager på tvangsmedisinering , mot 149 i 2019. Vi omgjorde eller oppheva vedtaket i 24 av desse (12 prosent). Det har vore ei jamn auke i desse sakene dei siste åra.
Tal vi har fått frå helseføretaka viser ikkje ein tilsvarande auke i tvangsbruken. Vi trur difor at auken skuldast at fleire bruker klageretten.
Vedtak om planlagt tvungen helsehjelp
I 2020 gjekk vi gjennom 598 vedtak om tvungen helsehjelp etter pasient- og brukerrettslova kapittel 4A, mot 528 i 2019. Av dei gjennomgåtte vedtaka vart 121 endra eller oppheva. Her har det òg vore ei jamn auke over dei siste åra.
Det er 13 kommunar i Vestland som ikkje har sendt inn 4A-vedtak i 2020. Dette kan skuldast at ein har klart å skape tillit og brukt friviljuge tiltak, men det kan òg vere at regelverket ikkje er godt nok kjent. Vi kjem til å ha fleire tilsyn på dette feltet i 2021.
Vi planlegg to digitale samlingar om helsehjelp gitt med tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Samling for helsepersonell i kommunane i Vestland arrangere vi 5. oktober, og samling for helsepersonell i spesialisthelsetenesta i Vestland arrangerer vi 6. oktober.
Tvang mot folk med psykisk utviklingshemming
I 2020 vurderte vi 341 vedtak om planlagt tvang for å dekke naudsynt hjelp og omsorg til folk med psykisk utviklingshemming, opp frå 286 i 2019. Vedtaka gjaldt 290 personar. Vi endra 34 vedtak og hadde tilsyn på staden i 46 tilfelle. Vi fekk 3285 meldingar om bruk av tvang i naudstilfelle, mot 158 personar.
Les meir om tilsynsarbeidet i fjor i desse sakene: