Livskvalitet er tema for folkehelseprofilane 2022
Folkehelseprofilane for kommunar og bydelar 2022 er no tilgjengelege.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.02.2022
Profilane gir informasjon om helsetilstanden og påverkandsfaktorar, og er eit grunnlag for det lokale arbeidet med folkehelsa.
Livskvalitet er tema for folkehelseprofilane. I profilane heiter det at god livskvalitet er ein verdi i seg sjølv og fremjar helse, sunne levevanar og styrkar også motstandskrafta i møte med belastningar i livet. Kommunen har verkemiddel til å skape eit samfunn som fremjar livskvalitet.
Her kan du laste ned årets folkehelseprofil for din kommune eller bydel.