Små kommunar kan søkje om tilskot til å styrke legevaktsordninga
I Vestland er det 20 kommunar som kan søkje på tilskotet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med ordninga er å betre rekrutteringa til legevaktsordninga, eller å redusere vaktbelastning. Kravet for å søkje er at kommunen har færre enn 5000 innbyggarar og ligg i det SSB definerer som sentralitetsklasse 5 og 6.
I Vestland vil dette omfatte kommunane Tysnes, Eidfjord, Ulvik, Modalen, Fedje, Masfjorden, Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Aurland, Lærdal, Askvoll, Fjaler, Bremanger, Etne, Fitjar, Vaksdal og Austrheim. Kommunar som har eigen legevakt, eller deltek i samarbeid med berre èin annan kommune, vil bli prioriterte. Det same vil kommunar med låg sentralitetsgrad innad i sentralitetsklasse 5 og 6.
Frist for å søkje er 25. mai 2023.
Webinar om tilskotsordninga
For å hjelpe kommunane i arbeidet med å søkje tilskot arrangererte Helsedirektoratet eit webinar i 2022. Webinaret kan de sjå i opptak på Helsedirektoratet sine nettsider.