Tilleggsstønader til deltakarar i kvalifiseringsprogrammet
Deltakarar i kvalifiseringsprogram har i utgangspunktet berre rett på tilleggsstønad til reiseutgifter, men kan nokre gongar ha rett til stønad til barnetilsyn og utdanning.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ulike statlege tiltak som arbeidstrening, avklaring- og oppfølgingstiltak, utdanning og individuell AMO kan vere ein del av eit kvalifiseringsprogram. Dei som deltek i slike tiltak har rett på tilleggsstønader til dekning av utgifter i samband med gjennomføringa av tiltaket, til dømes reiseutgifter. Personar som har helseproblem, kan i tillegg ha rett på stønad til barnetilsyn og utdanning, og det gjeld også deltakarar i kvalifiseringsprogram.
Kan vere i fleire målgrupper samtidig, og skal alltid plasserast øvst
I kommentarar til tilleggsstønadsforskrifta er det vist til seks ulike målgrupper med ulik grad av rett til tilleggsstønader. Det står i paragraf 1 at ein person kan vere i fleire målgrupper samtidig. Det er understreka at brukaren alltid skal plasserast i øvst mogleg målgruppe slik at vedkomande kan få rett på flest mogleg tilleggsstønader.
Kan ha rett på stønad til barnetilsyn og utdanning dersom helseproblem
Det er eit inngangsvilkår for kvalifiseringsprogram at arbeids- og inntektsevna er vesentleg nedsett. Sjølve årsaka til den nedsette arbeidsevna er ikkje avgjerande; det treng ikkje vere helserelatert, men ofte vil problema vere samansett av både sosiale og helsemessige tilhøve. Deltakarar i kvalifiseringsprogram kan ha rett til tilleggsstønad til barnetilsyn og utdanning dersom dei har helseproblem.
For å få rett på alle tilleggsstønader må sjukdom, skade eller lyte vere ei medverkande årsak til den nedsette arbeidsevna, men det treng ikkje vere hovudårsaka. Det betyr at ein person som har nedsett arbeidsevne delvis på grunn av helseproblem, men i så liten grad at vedkomande ikkje fyller krava for arbeidsavklaringspengar, likevel kan ha rett på alle typar tilleggsstønader.
Nav-kontora må gjere nødvendige vurderingar
For at deltakaren i kvalifiseringsprogrammet skal få dei tilleggsstønadene vedkomande har rett på, må lokalkontoret gjere nødvendige vurderingar av arbeidsevne og helsesituasjon i Nav sine fagsystem. Nav har interne grensesnittrutinar som sikrar at dei ulike einingane i Nav veit kva dei skal gjere i slike saker.