Tilskotsordninga Nasjonal ALIS og veiledning
Ordninga skal bidra til å dekka kommunen sine meirkostnader ved inngåelse av ALIS-avtalar. Den skal og bidra til å dekka utgifter til forskriftsfesta rettleiing til legar som er under spesialisering i allmennmedisin, og som ikkje vel å inngå ALIS-avtale. ALIS Vest arrangerer nettseminar om endringar i tilskotet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med tilskotsordninga er å få fleire legar til å starta opp med, og fullføra spesialiseringa i allmennmedisin. Målgruppa er legar i kommunalt legearbeid som spesialisera seg i allmennmedisin etter ny ordning, irekna fastlegar, fastlegevikarar, introduksjonslegar og legar i allmennmedisinske stillingar i kommunen.
Søknadsfristen 1. september 2023. Du kan lesa meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet si heimeside.
Nettseminar om endringar i tilskotsordninga
Er du nysgjerrig på endringane i tilskotsordninga Nasjonal ALIS og veiledning? ALIS Vest arrangerer nettseminar 24. mai om temaet. Les meir og registrer deg på nettseminaret via lenkja til ALIS Vest.