Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2023

På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i september 2023.

Publisert 07.08.2023, Sist endra 21.09.2023

Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland hausten 2023:

Lokal rettleiar godkjenner læringsmål

Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.  

Kurs i regi av Helfo om takstbruk og legemiddel

Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). De vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melda dykk på den datoen som passar best.   

Kurs i nødnett radiobrukar

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedisin i Førde, får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar vert halde som kveldskurs 5. september, 18.00 til 21.00 i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Kurset og utgifter (reise, overnatting) knytt til dette kurset må kommunane dekka for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde.

Reiseutgifter

Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må de eventuelt avklara med Statsforvaltaren på førehand). Fly må du alltid avklara med Statsforvaltaren på førehand. Du har ikkje krav på nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing for honorar og reiser for eksterne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.