Oversikt over kurs for LIS1 våren 2023
På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i mars 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland våren 2023:
- Kurs i akuttmedisin Nordhordland legevakt (for LIS1 i Hordaland Gulen) 6.-7. mars.
- Kurs i akuttmedisin Helse Førde (for LIS1 i Sogn og Fjordane, minus Gulen) 8. mars.
- Første grupperettleiing, Sogndal,19. april.
- Kurs i offentleg helsearbeid, Sogndal, 20.- 21. april
- Andre grupperettleiing er ei dagsamling, 14. juni på Skei for LIS1 i Sogn og Fjordane og i Bergen for LIS1 i Hordaland + Gulen.
Lokal rettleiar godkjenner læringsmål
Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.
Kurs i regi av Helfo om takstbruk og legemiddel
Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). De vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melda dykk på den datoen som passar best.
Kurs i nødnett radiobrukar
Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedisin i Førde, får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar vert halde som kveldskurs 7. mars, 18.00 til 21.00 i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Kurset og utgifter (reise, overnatting) knytt til dette kurset må kommunane dekka for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde.
Reiseutgifter
Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må eventuelt avklarast med Statsforvaltaren på førehand). Fly må alltid avklarast med Statsforvaltaren på førehand. Du har ikkje krav på nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing for honorar og reiser for eksterne.