Informasjonsbrev om tolkelova
Offentlege tenesteytarar har plikt til å bruke tolk ved språkbarrierar. God kommunikasjon er ein føresetnad for at det offentlege skal lukkast med å yte gode og forsvarlege tenester til heile samfunnet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tolkelova, som tredde i kraft 1. januar 2022, skal bidra til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. For å styrke kvaliteten på tolkeoppdrag som blir utført i offentleg sektor, pliktar offentlege organ å nytte kvalifisert tolk. Lova skal bidra til å sikre at tolkane held ein fagleg forsvarleg standard.
Sjå informasjonsbrev om tolkelova frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). I brevet orienterer dei om lova og dei krava den stiller til offentlege organ.