Nedgang i utbetalingane av sosialstønad i Vestland

I 2020 betalte kommunane i Vestland ut 697 millionar kroner i sosialstønad, ein nedgang på heile sju prosent samanlikna med året før.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2021, Sist endra 25.03.2021

Dette kjem fram av statistikk som kommunane har rapportert inn i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering). Dei fleste kommunane i Vestland fekk nedgang i utbetalingane av sosialstønad i 2020 samanlikna med 2019, men det er også nokre kommunar som fekk auke, sjå oversikta som ligg ved.

Til saman betalte kommunane i Vestland ut 697 162 088 kroner i 2020. Bergen åleine betalte 57,5 prosent av dette.

Vi har samla rapporteringa frå kommunane i vårt fylke, og laga ei samla oversikt for Vestland. Vi bruker slike oversikter til dømes ved planlegging av tilsyn med Nav sine oppgåver etter sosialtenestelova. Vi trur at Nav-kontora/kommunane også vil kunne ha interesse av oversikta, og difor legg vi oversikta på nett.

Kommunane med størst utbetaling

I alt 34 av kommunane rapporterer om nedgang i utbetaling av sosialstønad i 2020, medan ni rapporterer om auke. Dei ti kommunane i Vestland som hadde størst utbetalingar i 2020 er:

Kommune Utbetaling i 2020
Bergen  400 711 901 kroner
Øygarden 39 789 717 kroner
Askøy 31 715 595 kroner
Alver 23 881 596 kroner
Sunnfjord 19 834 510 kroner
Bjørnafjorden 17 260 808 kroner
Voss 15 394 399 kroner
Stord 12 023 483 kroner
Sogndal 11 085 225 kroner
Ullensvang 11 029 368 kroner

Reduksjon i utbetalingane

Desse ti kommunane hadde størst prosentvis reduksjon:

Kommune Prosentvis reduksjon
Solund - 67 prosent
Lærdal - 41 prosent
Hyllestad - 34 prosent
Aurland - 33 prosent
Sveio - 31 prosent
Kinn - 28 prosent
Øygarden - 26 prosent
Samnanger - 23 prosent
Bømlo - 20 prosent
Sunnfjord - 19 prosent

Auke i utbetalingane

Dette er dei ni kommunane som hadde auke:

Kommune Prosentvis auke
Etne  + 56 prosent
Vaksdal + 22 prosent
Ullensvang + 9 prosent
Gulen  + 9 prosent
Voss + 9 prosent
Modalen  + 6 prosent
Tysnes + 5 prosent
Stad + 4 prosent
Masfjorden + 1 prosent

 

Klikk på denne lenkja for å sjå heile oversikta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.