Opptrappingsplan for psykisk helse (2023 – 2033)
Målet med opptrappingsplanen er at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og god hjelp skal vere lett tilgjengeleg der det trengst.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023 – 2033) har tre innsatsområde: Helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov.
Regjeringa har sett opp åtte mål for planperioden:
- Barn og unges sjølvrapporterte helseplager er redusert med 25 prosent
- Delen unge som blir uføre med bakgrunn i psykiske plager og lidingar er redusert
- Innbyggjarar i alle kommunar har tilgang til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse og rus
- Barn og unge som blir vist til psykisk helsevern for barn og unge får tilbod om ein vurderingssamtale for avklaring av vidare oppfølging i spesialisthelsetenesta eller den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Gjennomsnittleg ventetid til psykisk helsevern skal reduserast og på sikt vere lågare enn 40 dagar for psykisk helsevern vaksne (PHV), 35 dagar for psykisk helsevern barn og unge (PHBU) og 30 dagar for tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB)
- Hindre nedbygging av sengeplassar og sikre døgnkapasitet i psykisk helsevern er på eit nivå som møter behovet for å vareta barn, unge og vaksne med alvorleg psykisk liding som har behov for døgnbehandling
- Menneske med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem har auka levealder, og forskjellen i levealder mellom denne pasientgruppa og befolkninga elles er redusert
- Helsepersonell har meir tid til pasientar, brukarar og fagutvikling
Pågåande og komande arbeid
Regjeringa har sett i gang fleire arbeid som påverkar psykisk helse-feltet i planperioden. Regjeringens tillitsreform og Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar er allereie kome. Folkehelsemeldinga bygger på premissane om at helsefremjande arbeid og førebygging må skje på alle samfunnsområde. Andre arbeid er som følgjer:
- Nasjonal helse- og samhandlingsplan – skal etter planen leggast fram hausten 2023
- Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet – skal etter planen leggast fram som ei stortingsmelding våren 2024
- Felleskap og meistring – Bu trygt heime – blir lagt fram sommaren 2023
- Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner – blir lagt fram for Stortinget hausten 2023
- Handlingsplan mot spillproblemer (2022-2025)
- Regjeringens langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023-2030)
- Regjeringens handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold (2023-2026)
- Styrkingen av allmennlegetjenesten
- Nasjonal livskvalitetsstrategi – blir etter planen lagt fram i 2024
Heile opptrappingsplanen finn du på heimesida til regjeringa.
Kontaktpersonar
-
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42 -
Astrid Tveit
Tlf: 57 64 31 73