Tilrådingar frå Ukom for betre pasienttryggleik i psykisk helsevern
Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) skal medverke til trygge helse- og omsorgstenester, og har gitt tilrådingar om tiltak i psykisk helsevern i to rapportar som er publiserte i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommisjonen undersøkjer alvorlege hendingar og andre alvorlege tilhøve i tenestene for å betre tryggleiken for pasientar, brukarar, pårørande og tilsette.
Fleire einingar er ikkje tilpassa
Rapporten «Utforming av skjermingsenheter i det psykiske helsevernet» er ein oppfølgingsrapport etter ein rapport om ei konkret sak med eit dødsfall på skjerma eining. Rapporten viser til at fleire slike einingar i psykisk helsevesen i Noreg ikkje er tilpassa urolege og sårbare pasientar. Lokala kan vere for små, nedslitne eller ikkje tilstrekkeleg sikra mot pasientskader. I nokre tilfelle kan dårleg tilpassa lokale føre til auka bruk av roande medisinar og auka risiko for pasientskade.
Les meir i rapporten «Utforming av skjermingsenheter i det psykiske helsevernet».
Tilrår endringar for å førebyggje
Rapporten «Festepunkter på pasientrom i psykisk helsevern» vart publisert i mai. Ved gjennomgang av sjølvmord hos pasientar innlagde med døgnopphald i psykisk helsevern, går det fram at henging og kveling med bruk av festepunkt er den vanlegaste sjølvmordsmetoden. Med festepunkt er det meint interiørdetaljar som pasientar kan nytte i slike sjølvmordsforsøk. Det kan vere blandebatteri, dørhandtak, gardinbrett med meir. Fleire slike festepunkt kan erstattast med andre og betre alternativ. Ukom tilrår at institusjonane i psykisk helsevern gjer endringar for å førebyggje slike dødsfall.
Les meir i rapporten «Festepunkter på pasientrom i psykisk helsevern».