Helsepersonell i spesialisthelsetenesta kan ikkje legge pasientar inn på sjukeheim med tvang
Den som er ansvarleg for helsehjelpa til ein pasient kan gjere tvangsvedtak etter pasient- og brukarrettslova. Difor er det helsepersonell i kommunal helse- og omsorgsteneste, og ikkje i spesialisthelsetenesta, som har mynde til å legge inn pasientar i kommunal sjukeheim med tvang.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Berre helsepersonell i kommunal- helse og omsorgsteneste kan legge pasientar inn med tvang i kommunal helseinstitusjon, sidan dei er ansvarleg for denne helsehjelpa, etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.
Dette inneber at helsepersonell i spesialisthelsetenesta ikkje kan gjere vedtak om innlegging av pasientar i kommunal helseinstitusjon. Det er likevel spesialisthelsetenesta som er ansvar for eventuell tvungen transport til helseinstitusjonen.