Søknad om løyve til utfylling i sjø - Risnesfjorden Eiendom Gulen

Høyringsfrist:
14. juli 2023 23:00

Risnesfjorden Eigedom ønsker å planere sin eigedom ved å sprenge en haug og så deponere steinen i sjøen for å utvide næringsområdet sitt. Utfyllinga er estimert til 3 000 m3 over ca. 800 m2 sjøbotnareal. Vi ber om uttale innan 14. juli 2023. 

Publisert 15.06.2023

Risnesfjorden Eigedom planlegg å få utført utfyllinga i august til oktober, tilpassa planlagde produksjonsrunder på det landbaserte oppdrettsanlegget 12190 Sætre. Utfyllinga vil skje oppå eksisterande utfylling som blei utførd i 2017/2018

Entreprenør Anskar Birkeland beskriv at finstoff og plast frå tennsystem ikkje skal havne i sjøen ved at dette blir rydda vekk før utfylling av stein som er beskriven storstein. Det er ikkje lagt opp til andre avbøtande tiltak enn å sørge for at finstoff og plast ikkje hamnar i sjøen. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/8535. Frist for å gje fråsegn er 14. juli 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
14. juli 2023 23:00