Stena Recycling AS søkjer om løyve til avfallsanlegg på Wergeland Base i Gulen
- Høyringsfrist:
- 15. august 2023 23:59
Det vert søkt om mottak, lagring og behandling av eit årleg volum på 40 000 tonn jern og metall, 10 000 tonn marine konstruksjonar, 3000 tonn elektrisk og elektronisk avfall samt mottak av opptil 3000 tonn batterier.
Kvar skal avfallsanlegget ligge?
Det er søkt om å etablere avfallsanlegg på Wergeland Base sitt område. Det vert søkt om å etablere avfallsanlegget i forlenging av området til Westland Waste AS sitt avfallsanlegg i Gulen.
Beskriving av verksemda
Den største aktiviteten vil vere mottak, mellomlagring og bearbeiding av jern og metall. I tillegg skal anlegget ta imot, mellomlagre og behandle marine konstruksjonar, EE-avfall samt motta og mellomlagre ulike typar batteri. Meir informasjon ligg i søknaden som ligg vedlagt til høgre.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/8717. Frist for å gje fråsegn er 15. august 2023.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 15. august 2023 23:59