Søknad om løyve etter forureiningslova - oppgradering Fv 641 Magnhildskartunnelen
- Høyringsfrist:
- 10. november 2023 23:00
Vestland fylkeskommune skal oppgradere Fv 614 Magnhildskartunnelen og søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeida.
Om saka
Oppgradering av tunnelen skjer som følgje av krav i tunnelsikkerheitsforskrifta. Tunnelen krysser kommunegrensa mellom Kinn i sør og Bremanger i nord. Tunnelen er 2,9 km lang og blei åpna i 1966.
Anleggsarbeida omfattar bla.:
- Utviding av tunnelprofilen. Ca 20 000 m3 fjell skal sprengjast.
- Utslepp av tunneldrivevatn.
- Betonstøyp i tunnelen.
- Graving av grøfter, fjellreinsk og handtering av massar, inkl lokalt massedeponi.
- Rigg- og verkstedsaktivitet, samt diesellager og påfylling.
Tunnelen har avrenning mot nord mot Myklebustdalen (Bremanger), og resipient for vatn både i anleggs- og driftsfasen er Myklebustelva, som er eit fiskeførande vassdrag med god økologisk tilstand.
Risikovurdering og avbøtande tiltak
Dei delane av arbeidet som er vurderte til å utgjere størst fare for forureining av vassdraget er utslepp av:
- Suspendert stoff (SS) – frå tunnelmassar
- Nitrogen frå uomsatt sprengstoff
- Høg pH frå sementbaserte injeksjonsmassar og sprøytebetong
- Organiske forbindelsar (THC/olje) - uhellsutslepp/lekkasjar på maskiner (av drivstoff, hydraulikkolje, bremsvæske osv.).
Søknad om løyve med miljøriskovurdering og forslag til avbøtande tiltak er vedlagt. Dei avbøtande tiltaka omfattar reinsing av tunnelvatn for suspendert stoff og olje, og måling og justering av pH. Eventuelle uhell/lekkasjar på maskiner skal handsamast på staden med oppsamling ved hjelp av absorberande materiale.
Planlagt massedeponi i Myklebustdalen krev godkjenning av reguleringsplan i Bremanger kommune, som skal behandlast i kommunestyret i november 2023. Massedeponiet skal detaljprosjekterast med oppsamlingsgrøfter og fangdammar for å redusere avrenning av suspendert stoff til elva.
Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?
Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna
- regulere korleis arbeidet skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast (reinsekrav) og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2023/15342. Frist for å gje fråsegn er 10. november 2023.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 10. november 2023 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35