Vi startar opp prosess med frivillig skogvern på Galdane i Lærdal
- Høyringsfrist:
- 4. november 2023 23:59
Etter dialog med grunneigar melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Galdane naturreservat i Lærdal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 4. november 2023.
Etter dialog med grunneigar og AT Skog melder vi formell oppstart av skogvernprosess ved Galdane i Lærdal kommune i Vestland. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Kor er Galdane?
Galdane er lokalisert i ei sørvendt li på gards- og bruksnummer 48/1 i Lærdal kommune. Arealet ligg langs Lærdalselva der dalføret er på sitt trangaste. Stadvis er vassdraget så tett at det vert skapt eit preg av bekkekløft. Området er svært variert både topografisk og med omsyn til vegetasjon og skogtypar.
Arealet er eigd av ein privat grunneigar. Grunneigar har underskrive tilbod om vern av om lag 833 dekar skog på Galdane som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern.
Kvifor er Galdane verneverdig?
Galdane er svært variert både topografisk og med omsyn til vegetasjon og skogtypar. Skogen omfattar rik edellauvskog med vekt på gråor-almeskog og er omtalt som svært viktig i bekkekløftkartlegginga frå 2009. I landskapsmosaikken er her også gråor-heggeskog, store, gamle hengebjørk og alm i tillegg til osp, rogn, einer, hassel hegg, furu og lind. Området inneheld rasmark og sørvendte berg, nokre stader rike på mose og lav.
Galdane vil dekke manglar i skogvernet i fylket vårt
Trass ein del rasmark med impediment har over halvparten av lia middels-høg-særs høg bonitet, og vil dermed kunne bidra til auke delen skog med høg bonitet i skogvernet i fylket. Området vil i tillegg bidra til å dekke manglar i skogvernet med låglandsskog i sørboreal sone, rike edellauvskogtypar og ei stort tal raudlista artar. Innslaga av hole lauvtre, rikbarkstre og tre med sprekkebark er viktige for artsmangfaldet og blir tillagt verdi, og i eldre bestandar av gråor er det høg konsentrasjon av daud ved. Det er også behov om å verne meir natur med bekkekløftpreg i fylket.
Mange truga, sjeldne og sårbare artar bur her
Galdane husar varmekjære treslag, og i kombinasjonen med god kontinuitet (gamle tre) og jamnt høg luftfuktigheit langs elva, gjer at det trivst eit stort tal raudlista artar nettopp her.
Av 16 raudlista artar registrert i tilbodsarealet er 6 sterkt truga (EN), mellom anna gåsefot, stuvkraterlav og skumkjuke, og 5 artar er nært truga (NT), mellom anna klosterlav. For å få oversikt over registrerte artar, sjå rapporten frå skoganalyse vedlagt i ramma til høgre i denne saka. Vi vurderer området som svært verneverdig.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med litt over 3 prosent av skogen i fylket verna til, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Galdane vil ein komme litt nærmare målet om å betre ta vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Galdane som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Grunneigar vil ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, plukke matsopp og bær. Kongevegen går gjennom tilbodsområdet og er mykje brukt, denne skal også kunne haldast ved like. Fiskeplassar langs elva skal kunne haldast opne og ved like, og stiane frå Kongevegen ned til fiskeplassane skal kunne haldast i hevd. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er ikkje i bruk av husdyr i dag, men det er hjort i området.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 4. november 2023.
For utsendingsbrev med adresseliste, utkast til vernekart og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høyringsfrist:
- 4. november 2023 23:59