Vi startar verneprosess for Svanøy naturreservat i Kinn
- Høyringsfrist:
- 1. november 2023 23:59
Det er uvanleg mykje "gull" i dei grøne skogane på Svanøy i Kinn kommune, og etter dialog med grunneigarane er vi glade for å kunne starte arbeidet med skogvern på delar av øya. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 1.november 2023.
Etter dialog med grunneigarane og Norskog melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Svanøy i Kinn kommune. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Tilbodsområdet på Svanøy er lokalisert på gards- og bruksnummer 113/1, 113/5, 114/1, 116/1, 117/1, 117/7 og 117/10 i Kinn kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. I tillegg kjem teigen med gards- og bruksnummer 113/22, der Miljødirektoratet i dag står som eigar. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 5218 dekar. Du finn kart over arealet vi melder oppstart på til høgre.
Ein uvanleg rik og verdifull skog
Tilbodsområdet dekkjer store delar av skogen på Svanøy, ei øy i Sunnfjord i Kinn kommune. Skogen på Svanøy ligg i eit variert landskap på rik berggrunn, som er noko av årsaka til den frodige og krevjande floraen på øya. I tillegg har den rike kulturhistoria på øya med få, større grunneigarar bidrege til at skogen har fått bli ordentleg gamal og verdifull.
Arealet grenser mot sjø på fleire sider av øya og det høgaste punktet på Vågsfjellet ligg på 235 moh. Få øyer mellom Bergen og Molde har liknande variert og rik skogdekning som Svanøy, og her er den best utvikla boreonemorale regnskogen nord for Sunnhordaland. Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone, i sterk oseanisk seksjon.
Regnskog med ei rekkje raudlista artar
Tilbodsarealet inkluderer 14 naturtypelokalitetar med m.a. fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, samt ein lokalitet av gamal svartorsumpskog. Det finst ikkje tilsvarande skog med kombinasjon av denne storleiken, alder, berggrunn, variasjon og klima på Vestlandet, noko det høge talet av sjeldne, sårbare og truga artar er levande bevis for.
Boreonemoral regnskog og rik edellauvskog er høgt prioriterte skogtyper å verne meir av i fylket vårt. Varmekjær kjeldelauvskog med svartor er svært sjeldan, men finnast innanfor tilbodsområdet.
Noreg har eit særleg ansvar
Ei rekke artar er registrert i området, og inkluderer den kritisk truga stiftpulselaven (CR), den sterkt truga stjernerurlav (EN), og andre artar på den norske raudlista. Sistnemnte har Svanøy som einaste levestad i Sogn og Fjordane, og er m.a. også registrert i Sunnhordaland, Nord-Amerika og i Storbritannia.
Norge har eit særleg forvaltingsansvar for fleire av disse artane og naturtypane, då meir enn 25 % av den enkelte art/naturtype har ei vesentleg del av si naturlege utbreiing i Noreg. Svanøy ligg i kjerneområdet for fattig boreonemoral regnskog, ei truga naturtype som Noreg har eit spesielt ansvar for. Føremålet med naturreservatet vil vere å ta vare på denne trua, sjeldne og sårbare naturen for framtida.
Svanøy dekker viktige manglar i skogvernet i Noreg
Vi vurderer Svanøy til å oppfylle viktige manglar i skogvernet i Noreg knytt til raudlista artar og naturtypar. I tillegg til at området har låglandsskog, biologisk gamal skog, skog på høg bonitet og med større samanhengjande område i eit økologisk nettverk av regnskogslokalitetar. Det er høg kontinuitet i skogen på Svanøy, og det er stadvis mykje daud ved. Med grunnlag i mangelanalysane for skogvern (Fremstad m.f. 2002, 2003, 2010) så dekker tilbodsområdet godt opp viktige manglar i skogvernet. Meir informasjon om kunnskapsgrunnlaget, inkludert Skoganalyse og biologiske rapportar, kan ein lese til høgre i denne nettartikkelen.
Mål om 10 % vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing om å redusere tap av naturmangfald, og då er skogvern ein viktig nøkkel. Vi veit at 60 % av dei raudlista landlevande artane våre treng gamalskog for å overleve. Difor har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med dryge 3 prosent av skogen i fylket verna per i dag, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av den verdifulle skogen Svanøy vil vi komme litt nærmare målet.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne tilbodsområdet på Svanøy som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane innanfor vernegrensene.
Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, bygging av nye anlegg og slike inngrep. Grunneigar vil framleis ha rett til å ha beitedyr på beite, utøve jakt og fangst. Ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, plukking av bær og matsopp. Turstiar som er i området skal kunne haldast opne. Tekniske anlegg som master og jakttårn, samt kulturminne kan også haldast ved like.
På Svanøy er det tradisjon for å plukke ramslauk, og dette kan fint gå føre seg utanfor vernegrensene. I utkastet til verneforskrift som ligg til høgre i denne nettsaka kan du lese alle vernereglane som vi vil ha innspel på.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel til oppstartsmeldinga slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert av oss, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. I høyringsdokumentet vil vi omtale dagens bruk av tilbodsområdet meir detaljert.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. november 2023.
Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.
Oppstartsbrevet, kartavgrensing og utkast til verneforskrift finn du til høgre i denne nettsaka.
- Høyringsfrist:
- 1. november 2023 23:59