Tildeling av fornyings- og innovasjonsmidlar 2022

Statsforvaltaren har tildelt midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt for tilsaman 13,7 mill. kroner til kommunane i Vestland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.02.2022

Det kom inn 51 prosjektsøknader med samla søknadssum på 52,7 mill. kroner. 
Vi har tildelt fornyingsmidlar i samsvar med retningslinjer frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Prosjekt innanfor fagområda helse og omsorg, utsette barn og unge og digitaliseringsprosjekt som omfattar alle kommunane i fylket, har fått tildelt mest midlar i år.

26 prosjekt har fått tildelt midlar for tilsaman 13,7 mill. kroner.

Brev til kommunane og til kommunaldepartementet finn de til høgre i artikkelen.

I tabellen nedanfor finn de prosjekta som har fått tildelt prosjektmidlar:

Kommune Prosjekt nr. Prosjekt Tildelt sum
Sunnfjord 179 E-helse Vestland 2022 Teknologi helse og omsorg 3 000 000
Sogndal 125 Desentralisert utdanning i sjukepleie    100 000
Bergen  128 Psykisk helsenett, ressurspersonar i sjukeheimar    600 000
Bergen 136 Regional opplæringskoordinator, legemiddelliste    700 000
Masfjorden 142 Digital tverrfagleg samkonsultasjon    400 000
Øygarden 167 Aldri alene 2 1 000 000
Austevoll 172 På brua    250 000
Bergen 130 Regional felles journal koordinator Digi Vestland    500 000
Bergen 133 Kogniappen (hjerneskadekoordinator)    200 000
Bergen 155 Ungdomsløpet i Digi Helsestasjon (Digi Vestland)    500 000
Bergen 157 Velferdsteknologisk Knutepunkt, Digi Vestland    500 000
Askøy 139 LUP prosjekt - PPT Askøy sektor barnehage    200 000
Bjørnafjorden 149 Betre tverrfagleg innsats    400 000
Stord 181 Tenesteløp autismespekter    300 000
Kinn 161 Familiehjelpa i Kinn    500 000
Bergen 158 Utbredelse av KS Min side - Digi Vestland 1 000 000
Bergen 159 Digital innsynsløysing - Digi Vestland    700 000
Austevoll 107 Styrke og sikre ulovlegheitsoppfølging    190 000
Alver 144 Interkommunal plan for sjøareal Nordhordland    600 000
Alver 148 Digital varslingsfunksjon for risikoobjekt    100 000
Bergen 183 Kompetanse innan leiing og handtering av skog og utmarksbrannar i regionen    300 000
Bergen 163 Prosjekt for eit bærekraftig hav    400 000
Kvam 182 Kartlegging av myrområder på Kvamsskogen    125 000
Stord 120 Minoritetsspråkleg rådgjevar    250 000
Gloppen 164 Innovasjonskompetanse Gloppen-modellen    500 000
Ullensvang 108 Grunderhjelpa    400 000
    Samla tildeling 13 715 000

  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.