Fagsamling samfunnstryggleik og beredskap
- Dato:
- 16. oktober 2019 11:00 - 17. oktober 2019 14:00
- Stad:
- Park Hotel Vossevangen, Voss
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
- Målgruppe:
- Beredskapskontaktar i kommunane, rådmenn, ordførarar, brannsjefar og kommunehelseteneste. Regionale aktørar som arbeider med fagområdet.
Fylkesmannen i Vestland inviterer til fagsamling samfunnstryggleik og beredskap på Voss, 16. og 17. oktober 2019.
Samlinga bør vere særleg aktuell for beredskapskontaktar og andre som jobbar med samfunnstryggleik og beredskap i kommunane, men og for rådmenn, ordførarar, brannsjefar, og tilsette i kommunehelsetenesta. Regionale aktørar som arbeider med fagområdet vil òg ha nytte av å delta.
Sjå program som ligg ved.
Prisar:
Fylkesmannen har fått økonomisk støtte til fagsamlinga, og ønskjer å dekke delar av kostnadane for kommunane. Det vil kunne vere snakk om minimum ein dagpakke per kommune. Endeleg sum som går til fråtrekk blir først avklart i forkant av arrangementet.
Pakkepris - heile samlinga: kr 2 050,- (inkl. to dagpakker, middag og overnatting i enkeltrom)
Dagpakke pr. dag: kr 475,- (for ikkje-buande)
Middag onsdag 16. oktober: kr 495,- (for ikkje-buande)
Overnatting: kr 1 175,- pr. natt (enkeltrom)
Oppgjer direkte med hotellet, ev. faktura mot gebyr på kr 100.
- Dato:
- 16. oktober 2019 11:00 - 17. oktober 2019 14:00
- Stad:
- Park Hotel Vossevangen, Voss
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland v/beredskapsseksjonen
- Målgruppe:
- Beredskapskontaktar i kommunane, rådmenn, ordførarar, brannsjefar og kommunehelseteneste. Regionale aktørar som arbeider med fagområdet.