Webinar: Klimasmarte kommunar har klimasmarte planar
- Dato:
- 17. desember 2020 09:00 - 10:15
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
- Målgruppe:
- Politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunar, anna offentleg forvalting
Kommunane er sentrale aktørar i det grøne skiftet og i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. I dette webinaret vil vi ha særleg fokus på korleis kommunar implementerer byggeaktivitet i sine planar.
Kommunane sine eigne føremålsbygg har ei viktig rolle som førebilete for andre utbyggjarar. Korleis dei vert utforma og bygd gjennom heile livsløpet, er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen.
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS inviterer med dette til eit webinar for klimasmarte kommunar som ønskjer å satse på berekraftig bygg og meir bruk av tre i kommunane sine eigne formålsbygg. Oppgradering og transformasjon av eksisterande bygg er også eit viktig tema vi må ta tak i.
Alt startar med planprosessar i kommunane. Der skal det forankrast gode ambisjonar, strategiar og tiltak. Denne gongen vil vi ha særleg fokus på korleis kommunar implementerer byggeaktivitet i sine planar.
Vi ber om påmelding via skjemaet nedst på sida.
Velkomen |
Dirk Kohlmann, Tredriver Fylkesmannen i Vestland |
9.00 |
Kommunale planar og innkjøp Rådalslien bofelleskap var i 2010 ein viktig erfaringspilot for Bergensregionen i å utvikle framtidsretta miljø- og energitiltak i tråd med kommunen sin klima- og miljøhandlingsplan. Er det samanheng mellom plan og praksis i norske kommunar? |
Asmund Bunkholt Dagleg leiar Trefokus AS |
9.05 - 9.15 |
Klimagassrekneskap som verktøy Arendal er den første kommunen i landet med klimanøytral drift og har vore ein føregangskommune når det gjeld reduksjon av klimagassutslepp. |
Ragnhild Hammer Klima- og miljørådgjevar - Arendal kommune |
9.15 - 9.30 |
Forankring i og bruk av planprosessar I eit rettleiingshefte omtalar plan- og byggjeetaten i Oslo korleis dei vurderer klimakonsekvensar i planprosessar og korleis ein kan innfri klimakriteria. – Alle planar vert vurdert opp mot desse kriteria. |
Helene Egeland klimaleiar i plan- og bygningsetaten – Oslo kommune
|
9.30 - 9.45 |
Kompetansebygging for å finne fram til dei beste løysingane FutureBuilt har som mål å få fram 50 forbildeprosjekt – både område og enkeltbygg – som skal redusere klimagassutsleppa med 50 prosent. Korleis jobbar FutureBuilt og kva har dei fått til? Kva inneheld FutureBuilt 2.0? |
Stein Stoknes Programleiar FutureBuilt |
9.45 - 10.00 |
Ny idrettshall i tre i Fyresdal kommune Nøkkelferdig til 28 mill.kr, inkl. mva? Vi har laga ein film. |
Kristin Vedum Tredrivar Bygg i tre |
10.00 - 10.10 |
Avslutning |
|
10.15 |
- Dato:
- 17. desember 2020 09:00 - 10:15
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
- Målgruppe:
- Politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunar, anna offentleg forvalting
Kontaktpersonar
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50