Kurs om tvungen somatisk helsehjelp (kapittel 4A) for helsepersonell i kommunal helse- og omsorgsteneste

Dato:
5. oktober 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenke blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Helsepersonell i kommunane i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
30. september 2021 23:59

Vi inviterer til digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A for helsepersonell som yter helsehjelp i kommunal helseteneste og omsorgsteneste. Vi minner om påmeldingsfristen som går ut 30. september. 

Publisert 26.03.2021, Oppdatert 28.09.2021

Statsforvalteren i Vestland inviterer helsepersonell som jobbar i fylkets kommunale helseteneste og omsorgsteneste til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Førebels program: 

  • Når er det aktuelt å vurdere om ein skal gjere vedtak?
  • Gjennomgang av vedtaksskjema med fokus på vanskelege punkt
  • Innsendte problemstillingar
  • Gjennomgang av case

Vi har 300 plassar. Vi tilrår særleg at helsepersonell med ein funksjon som gjer at dei kan dele det dei lærer på kurset vidare i verksemda deltek. Dersom de planlegg å sitte fleire i lag og følgje samlinga, så treng ikkje alle å melde seg på

Vi oppfordrar dykk til å sende inn problemstillingar på førehand. Fristen er 30. september 2021. Problemstillingar kan sendast Katarina Parteka Aarsnes (trykk på namnet under «Kontaktpersonar» for å få opp e-postadresse). Skriv «Problemstillingar til kurs for kommunale helse- og omsorgstenester» i emnefeltet.

Endeleg program blir lagt ut her når det er klart.  

Dato:
5. oktober 2021 09:00 - 12:00
Stad:
Teams - lenke blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren
Målgruppe:
Helsepersonell i kommunane i Vestland fylke
Påmeldingsfrist:
30. september 2021 23:59

Kontaktpersonar