Kommunane møter staten

Dato:
18. mai 2022 11:30 - 19. mai 2022 14:00
Stad:
Kviknes Hotel, Balestrand
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i  fylkeskommune, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
28. april 2022 12:00

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestland, fylkeskommune, KS og andre statlege etatar til vårkonferanse i Balestrand 18. og 19. mai. Etter fleire år med pandemi og utfordringar for oss alle er det kjekt å kunne samlast, oppsummere og tenke framover.

Publisert 09.05.2022

Tema for konferansen er mellom anna kommuneøkonomi etter revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjon for 2023. Vi vil drøfte berekraft og berekraftsmål der Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss vil innleie, og Marit L Mellingen frå Distriktssenteret vil snakke om utviklingskapasiteten i distriktskommunane. Kjetil Århus, Digi Vestland, er ein av innleiarane under tema digitalisering, og universitetet i Bergen vil orientere om utdanningstilbod med kommunane som målgruppe.

Vi kjem ikkje utanom flyktningesituasjon og krigen i Ukraina, som blir tema på dag to.
Robert Mood, generalløytnant og tidlegare president i Norges Røde Kors vil avslutte denne bolken.

Vi arbeider med å få ferdigstilt programmet, og legg det ut her så snart det er klart.

Påmeldingsfrist: 28. april 

Prisar for deltaking:

Heile samlinga kr 2 670 (enkeltrom)
Lunsj dag 1, middag, overnatting og frukost kr 2 040 (enkeltrom)
kr 1 715 (dobbeltrom)
Dagpakke dag 1 med lunsj og middag kr 1 030
Dagpakke med lunsj (pris per dag)  kr 630
Dagpakke dag 2 utan lunsj kr 375

 

Meld deg på og kryss av alternativ deltaking i skjema nedanfor.

Dato:
18. mai 2022 11:30 - 19. mai 2022 14:00
Stad:
Kviknes Hotel, Balestrand
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar, leiarar i  fylkeskommune, KS og statlege etatar
Påmeldingsfrist:
28. april 2022 12:00