Nettverkssamling for kvalifiseringsprogrammet
- Dato:
- 8. september 2022 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 7. september 2022 12:00
Korleis nyttar Nav digital teknologi i oppfølginga av brukarane? Anne Wullum Aasback har forska på temaet digitalisering og sosialt arbeid, og på denne samlinga deler ho resultatet.
Aasback er utdanna sosionom med master i sosialt arbeid, og ho har lang erfaring frå arbeid som rettleiar og fagutviklar i Nav. No er ho stipendiat ved NTNU i Trondheim. I sitt doktorgradsarbeid har ho sett nærare på korleis Nav-rådgjevarar nyttar dei digitale løysingane i kommunikasjon med brukarane, og om digitalisering kan støtte faglege verdiar og målsetjingar innan sosialt arbeid.
Målgruppa for nettverkssamlinga er tilsette i Nav som arbeider med kvalifiseringsprogrammet. Det blir lagt til rette for å stille spørsmål og utveksle erfaringar. Meir detaljert program kjem her når det er klart.
Meld deg på samlinga via påmeldingsskjema under. Innan 7. september klokka 17.00 sender vi innkalling til Teams-møte til dei som har meldt seg på.
Ved å melde deg på, samtykker du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Ler meir om personvern under «Lenkjer».
- Dato:
- 8. september 2022 09:00 - 13:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
- Påmeldingsfrist:
- 7. september 2022 12:00