Naturmangfaldveka 2024
- Dato:
- 16. januar 2024 09:30 - 19. januar 2024 11:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, konsulenter, andre interesserte.
For tredje år på rad inviterar vi kommunane og andre interesserte i Vestland til eit digitalt webinar om naturmangfald og praktisk forvaltning. Hold av dagane!
Naturmangfaldveka blir arrangert tysdag til fredag 16. til 19. januar 2024. Vi følgjer same mal som sist, med fire korte økter tidleg på året.
Programmet byr på fagleg påfyll av ulikt slag, og er basert på evalueringane vi fekk etter førre naturmangfaldveke. Slik håpar vi at du finn programmet relevant for arbeidsdagen på våre viktige grøne og blå arbeidsplassar.
Programmet ligg tilgjengeleg i høgrefana i denne nettartikkelen, eller du kan opne denne lenkja. Vi tek atterhald om mindre endringar i programmet.
Er du interessert i tema som naturavtalen, verneprosessar, konsekvensutgreiingar i arealsaker, arts- og naturkartlegging, naturrestaurering og motorferdsel i utmark? Dyktige fagfolk frå mellom anna akademia, fagorganisasjonar og kommunane delar kunnskap og erfaring med oss.
Meld deg på under, og tips kollegaen din om å gjere det same!
- Dato:
- 16. januar 2024 09:30 - 19. januar 2024 11:00
- Stad:
- Digitalt
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunar, konsulenter, andre interesserte.
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47