Autorisasjonskurs

Det blir gitt kurs i både autorisasjon for plantevern og tilleggsautorisasjon for gnagarmiddel i heile Vestland fylke i perioden september-mars kvart år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2023

Kursarrangørar

Norsk landbruksrådgjeving Vest (NLR Vest) arrangerer kurs i autorisasjon for bruk av plantevern- og gnagarmiddel i heile fylket. Alle kursa til NLR Vest blir annonserte på deira heimeside:

Autorisasjonskurs i plantevernmiddel (desember - april)

Autorisasjonskurs i gnagarmiddel (september - desember)

Dei vidaregåande skulane med naturbrukslinjer arrangerer ofte kurs i autorisasjon for plantevern. Du finn informasjon om dette mellom anna på nettsida landbrukskurs, eller ved å ta direkte kontakt med skulane.

Mattilsynet har også utvikla eit nettbasert kurs med eksamen for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset for plantevern – det kan du ta når du vil og betaling skjer direkte til Mattilsynet.

Bankeprøve.
Bankeprøve. Foto: Frøydis Linden.

Bankeprøver er eit viktig sjekkpunkt for å vurdere skadeomfang av insekt i ein fruktplanting. Det er til hjelp for å kunne bestemme når og om ein må ta i bruk plantevernmiddel for å hindre store skader i avlinga. Ein rådgjevar frå NLR Vest kan vere til god støtte for å ta avgjerder om tiltak i fruktproduksjonen din – også førebyggande strategiar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.