Småskala grønsaksproduksjon i Sunnfjord
I Sunnfjord er det småskala grønsaksproduksjon og marknadshagar på Kusslid i Førde, i Haukedalen og på Mo vidaregåande skule. I tillegg dyrkar ei gruppe forbrukarar grønsaker på Vie Andelslandbruk i Førde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kusslid gard
Anne Therese Kusslid driv gard i lag med mannen på Kusslid mellom Førde og Vassenden. Ho har tidlegare undervist på Mo og Jølster VGS. Dei har ein større saueproduksjon på garden som mannen har hovudansvar for, medan Anne Therese ynskjer å utvikle småskala grønsaksproduksjon for direktesal, og truleg utvide med pedagogiske tenester etterkvart.
På Kusslid vurderer dei å drive garden etter regenerative prinsipp, og har nett teke eit kurs i Holistic Management. Nokre av prinsippa er å ta vare på jordlivet og snu jorda minst mogleg. Dei utvidar difor nye grønsaksareal med å brakke med siloduk.
Det har vore testproduksjon på Kusslid i nokre år og varene har vorte seld til lokale restaurantar og på REKO-ringen i Førde. Garden ligg nært til eit byggjefelt og dei er freista til å få fleire kundar der i framtida, nærare garden.
Kontakt Anne Theres Kusslid på e-post
Knoltregarden i Haukedalen
Ane Gjerland og Vegard Veivåg driv Knoltregarden i lag. Garden ligg i enden av vatnet i Haukedalen, 300 meter over havet.
Dei driftar areala (ca 0,5 daa) etter permakulturprinsipp, og ynskjer å utvikle den til både produksjon og mangesysleri i form av kurs og viderforedla produkt.
Over to år har dei brukt tid på å bli kjent med klimaet og vekstsesongen, kurse seg og etablere grønsaksfelta.
I dag byggjer Vegard opp ein honningproduksjon, og i år testar dei ulike variantar av grønsaksposar for fyrste gong.
Sjå fleire bilete på sosiale medium:
Førde vidaregåande skule - Avdeling naturbruk på Mo
Mo vidaregåande skule har ein mindre grønsaksproduksjon både på friland og i veksthus, kor elevane deltek i produksjonen.
Om våren sel dei småplanter. Bileta er frå 2021, men er gjeldande for 2023 også.
Les meir og sjå fleire bilete på sosiale medium:
Gartneriet / Gardsutsalet på Mo (Facebook)
Kontaktpersonar
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94