Berekraftig arealforvaltning
Kommunane er ansvarlege for det meste av arealforvaltninga i Noreg. Men korleis få ei berekraftig arealforvaltning?
Ei berekraftig arealforvaltning er å:
- Unngå å omdisponere (tillate bygging på) jordbruksareal
- Tilbakeføre planlagt byggeland til jordbruksareal i planane, sånn at arealet ikkje vert bygd ned likevel.
- Halde areala i drift og i god stand.
- Når nedbygging er heilt uunngåeleg: flytte jorda og dyrke opp nytt jordbruksareal ein annan stad.
Arealrekneskap er eit viktig verktøy for å ha oversikt over kva typar areal som er planlagt bygd ned over tid og kva typar areal som alt er bygd ned. Statsforvaltaren oppmodar alle kommunar sterkt om å ha ei løpande oversikt over arealet i kommunen.
Fleire kommunar har visjon om å vere arealnøytrale, dvs at dei skal restaurere like mykje areal som dei byggjer ned.
Kommunen har fleire verktøy i arealverktøykassa:
- Kjerneområde landbruk
- Omsynssoner
- Temaplaner og strategier
- Temakart
- Planbestemmelser
- Retningslinjer til plan
- Kommunale jordvernmål
Det er òg fleire kommunar som er godt i gang med å følgje opp driveplikta.
Gode intensjonar er likevel lite verd om dei ikkje vert følgd opp i dei politiske vedtaka. Å ta vare på matjorda treng ikkje vere ei motsetning til vekst og utvikling i kommunen. Men ei utvikling som ikkje tek vare på produksjonsareala for mat, er ikkje framtidsretta.