Kjenner du nokon som bør få Nasjonal jordvernpris ?
Prisen skal gå til kommunar eller fylkeskommunar som gjer nyskapande tiltak for å ta vare på dyrka mark. Fristen for å melde inn kandidatar er 25. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den nasjonale jordvernprisen skal løfte fram og motivere til nyskapande tiltak som tek vare på dyrka mark. Prisen kan gå til ein kommune eller fylkeskommune som tek aktive grep for jordvernet i regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar. Eller det kan vere kommunar og fylkeskommunar som får gode resultat i samarbeid med andre aktørar, gjennom planlegging, gjennomføring og praksis.
Prisen vert delt ut annakvart år. I 2021 gjekk prisen til kommunane Alver og Austrheim og Norsk Landbruksrådgivning Vest for deira arbeid med flytting av jordmassar.
Det er Statsforvaltaren som melder inn kandidatar frå sitt fylke. Meld inn aktuelle kandidatar ved å sende epost til ashild.vatshelle@statsforvalteren.no innan 25. mars.