Invitasjon til Teams-møte - klimaplan på gardsnivå

Klimarådgiving er i vinden. No vert dette premiert med tilskot gjennom RMP, og ekstra mjølkepris frå TINE. I samarbeid med Klimaprosjektet i Vestland inviterer vi landbruksforvaltninga i kommunen til Teams-møte om klimakalkulatoren og lokal mobilisering for klimarådgjeving på gardsnivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2023

Program

  • Velkommen v/Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren
  • Kva er prosjekt KlimaVest v/ Lene Vangberg Monsen
  • God agronomi og klima v/ Helena Elvatun, NLR
  • Bærekraftstillegget ved bruk av klimakalkulator for mjølkeprodusentane v/ Jan Asle Torstad, Tine
  • Kva er klimakalkulatoren og kvifor er det viktig å ta den i bruk? Eksempel på klimahandlingsplan på gardsnivå v/ Spydspissbonde
  • Lokale møte i samarbeid mellom kommunen og lokalt bondelag med praktisk gjennomføring av klimakalkulatoren v/ Bjørn-Harald Haugsvær, Statsforvaltaren

Tid: Torsdag 26. januar kl. 10-11

Påmelding til: kontakt@klimavest.no
Påmeldingsfrist: onsdag 25. januar

Initiativ til lokale fagmøte

Dette Teams-møtet skal gje kommunen informasjon om klimakalkulatoren og klimarådgjeving. Samstundes vert kommunen oppmoda om å ta ansvar for ei lokal mobilisering med eit fysisk møte for bønder i samarbeid med lokalt bondelag. Statsforvaltaren gjev eit tilskot på inntil kr 2500,- per møte som skal dekke hus og ei enkel servering. Ved å gjennomføre klimarådgjeving vil bøndene kunne søke på tilskotet i RMP ved søknadsomgangen i oktober.

Utsleppsreduksjon eller CO2-avgift

Gjennom klimaavtalen med Staten har landbruket forplikta seg til å kutte utslepp lik 5 mill. tonn CO2 innan 2030. Landbruket har så langt unngått CO2-avgift på grunn av denne avtalen. Målet for Vestland er reduserte utslepp av klimagassar som CO2 og metan utan å redusere matproduksjonen.

Eit klima i endring

Bonden i Vestland erfarer at klimaet har endra seg. Det ser ut som variasjonen er vorte større der vèrlaget både er våtare og tørrare. 2021 var eit ekstremt tørt år i indre deler av fylket, medan 2022 var eit vått år med vanskelege innhaustingsforhold. Klimaplan på gardsnivå skal også gje råd om driftsmåtar som er tilpassa eit endra klima i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.