Ny rettleiar for klimasmarte landbruksbygg
Å fornye bygningar er eit stort skritt for gardseigar og krev god planlegging. Bruk av trevirke er eit godt og klimavennleg val.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle bygningane på ein gard påverkar i stor grad den totale klimarekneskapen, og gjer produksjonen på garden og produkta derifrå meir eller mindre klimavennlege. Dette kan i framtida bli eit viktig kjøpsargument for den medvitne kunden. Samstundes er bonden alltid oppteken av å levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn før. Slik har det vore gjennom heile landbrukshistoria.
Rettleiaren er laga for gardbrukarar som planlegg rehabilitering eller nybygg av driftsbygningar på garden. Rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar av trebaserte løysingar kan også ha nytte av han. Fokuset er retta mot val av byggematerialar, særleg trevirke.
Statsforvaltarane i Vestland og Møre og Romsdal og Trefokus AS har utarbeidd denne rettleiaren for klimasmarte landbruksbygg, særleg med vekt på utstrekt bruk av trevirke. Vi håpar at han vil inspirere, og hjelpe gardseigarar i gang med planlegging og gjennomføring av byggeprosjekta, både ved rehabilitering og nybygg.
På sida til Trefokus AS er det også tilgjengeleg ei god samling av landbruksbygg, for ulike føremål, storleikar og byggjeteknikkar. Dei har alle utstrekt bruk av trevirke i konstruksjonen.
Rettleiaren er ein del av bondeboka.no og du finn han her: https://www.bondeboka.no/landbruksbygg
Bygg med tre i praksis
Statsforvaltaren i Vestland, Møre og Romsdal og Trefokus AS har utarbeidd ein rettleiar for klimasmarte landbruksbygg, spesielt med vekt på utstrakt bruk av trevirke. Vi håpar at denne vil inspirere og hjelpe deg i gang med planlegginga og gjennomføring av byggeprosjektet ditt.
>> Rettleiar - klimasmarte landbruksbygg <<
Døme
På sida til Trefokus AS finn du ei god samling av landbruksbygg med ulike føremål, storleik og byggeteknikk. Til felles har dei utstrakt bruk av trevirke i konstruksjonen.
Kontakt
Regionale tredrivarar
Innovasjon Norge koordinerer eit landsdekkande nettverk av regionale pådrivarar for innovativ trebruk. Desse pådrivarane vert kalla "tredrivarar".