Fransk heider til ostedronninga
Pascale Baudonnel fekk tildelt den franske ordnen "Ordre du Mérite agricole" under ei tilstelling i den franske ambassaden i Oslo.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren i Vestland vil gratulere Pascale Baudonnel med tildeling av "Ordre du Mérite agricole". Hennar kunnskap, engasjement og evne til formidling har vore avgjerande for utvikling av småskala osteproduksjon i Vestland og i heile Norge.
Gjennom Pascale Baudonnel har vi både tatt vare på vår eigen tradisjon, og utvikla denne ved å henta kunnskapen om ysting av rå mjølk frå Frankrike. Denne tradisjonen har vore broten i store deler av Norge, og Pascale Baudonnel sitt arbeid har vore avgjerande for at denne kunnskapen på nytt veks fram hos oss.
Pascale Baudonnel har medverka til at det er skapt ny stoltheit kring lokal og tradisjonell ysting i Norge. Hennar arbeid har vore avgjerande for at vi i dag har eit nasjonalt nettverk av ystarar. Interessa for småskala ysting er aukande i Norge, og denne interessa må følgast opp med kunnskap. Vi ønskjer at Pascale Baudonnel framleis kan hente kunnskap frå Frankrike og vere ein formidlar av dette i Norge.
Kontaktpersonar
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92