Freistande smakar frå Fjord-Norge på verdas største matmesse
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde lokalmatverksemder frå Fjord Norge reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kven står bak prosjektet?
IGW er organisert som prosjekt. Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland samarbeider om prosjektet, som er formelt eigd av Statsforvaltaren i Vestland. Finansieringa kjem frå den regionale partnarskapen; Innovasjon Norge, fylkeskommunane og Statsforvaltarane i nemnde fylke.
Matarena AS har prosjektleiaransvaret og gjennomfører mesteparten av det praktiske arbeidet.
Kvifor reise til Berlin?
Norges deltaking på IGW har som overordna mål å bidra til å utvikle Norge som mat- og reiselivsnasjon, med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.
For deltakarane er dagane i Berlin ei unik moglegheit for å bli kjende med andre gardsmat- og reiselivsaktørar. Det er ikkje usannsynleg at nye produkt og avtaler har sitt opphav frå hektiske arbeidsdagar på messestanden i Berlin. Det er desse matopplevingane og reiselivstilboda som er den minneverdige essensen i besøksopplevingane turistane får med seg når dei kjem til Noreg.
Mangfald av råvarer
Det vert råvarer og foredla produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost og urter som utgjer ingrediensane i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert med, og vil ha ein tydeleg plass i marknadsføringa av regionen. I ein «Tasting-Lab» vil vi invitere sommelierar, matskribentar, presse og tyske importørar til å teste ulike lokale siderar, som til saman blir “Smaken av Fjord Norge”.
Smaksverkstad med nye smaksopplevingar
4. november er produsentar, kokkar og arrangørar samla til smaksverkstad på Kokstad. Her lagar dyktige matfagleg ansvarlege, saman med deltakarane, nye og velsmakande rettar, sett saman av eit mangfaldig utval råvarer frå regionen. Her vert også deltakarverksemdene presenterte for kvarandre.
Desse er med frå Fjord-Norge
Møre og Romsdal
Eggen Restaurant |
Frøysagarden |
Tingvollost |
Sider AS |
Skarbø Gard |
Vestland
Edel Sider/Åkre Gard |
Fjellestad Gardskjøken |
Fretheim Hotell v/ kokk Bjarte Finne |
Gardsbrenneriet |
Hardangerbonden |
Myrdal Gård |
Slettevollen Gardsysteri |
Kandal Kjøt |
Sølvane Gard |
Varegga Mat fra Bergen |
Matfagleg ansvarleg, Øyvind Vestrheim, Spesialgrossisten Troye |
Rogaland
Apal Sideri |
Lysefjorden Sjokolade |
OmCider |
Ryfylke Gardsysteri |
Ystepikene |
Matfagleg ansvarleg per. 2. Sebastian Schläwicke, Smaken av Ryfylke |
Kontaktpersonar hos Statsforvaltaren
Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
fmmrald@statsforvalteren.no / 90 86 54 59
Annabell Pfluger – Statsforvaltaren i Rogaland,
fmroapf@statsforvalteren.no / 97 61 38 07
Marit Hjortung – Statsforvaltaren i Vestland,
fmsfmhj@statsforvalteren.no / 90 61 95 92
Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Statsforvaltaren i Vestland,
fmhodkt@statsforvalteren.no / 41 29 65 50
Kontaktpersonar
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50 -
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92