Nytt matgledekorps i Vestland
Statsråd Olaug Bollestad lanserte nytt Matgledekorps i Vestland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Korpset skal først og fremt løfte og inspirere til meir mat- og måltidsglede hjå heimebuande eldre. Med røynsle frå dei fem andre Matgledekorpsa å byggje på, vil vi i Vestland finne vår eigen veg for å inspirere målgruppa til både matglede og betre helse ved å formidle kunnskap om dei riktige val og praktisk læring ved gryta.
Korpset består av følgende:
- Tore Skarstein, kokk
- Line Hanitz, klinisk ernæringsfysiolog
- Elfrid Håheim, Gloppen frivilligsentral
- Beate Helland, Statsforvalteren Vestland
- Marit Hjortung, Statsforvalteren Vestland
Korpset inviterer kommuner i Vestland til å ta kontakt for samarbeid.
Kort om bakgrunn for etablering av matgledekorps
Statsforvalteren i Vestland (SFVL) har fått i oppdrag av LMD å etablere eit matgledekorps, der vi skal rette søkelyset på matomsorgen til heimebuande eldre, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjoner. Korpset har 5 medlemer med ulik kompetanse og skal utføre eit tal definerte tiltak innan utgongen av 2021.
LMD jobber mellom anna med å skape meir mat- og måltidsglede hjå eldre under overskriften Gylne Måltidsøyeblikk. Tiltaket rettar seg både mot eldre som bur på institusjon og heimebuande eldre som får mat levert heim. Mindre matsvinn, bruk av lokale/regionale råvarar og brukarinvolvering av pårørande omfattes også.
Matgledekorpset er ein del av satsinga og på heimesida kan du mellom anna lese korleis dei andre korpsa arbeidar, www.matgledekorps.no. Pr i dag er det etablert seks korps i landet.
Kontaktpersonar
-
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92