Nydyrking nær elver og bekkar
Nydyrking er ulovleg nær elver og bekkar. Dyrking som i spesielle tilfelle gir behov for tiltak nær vassdrag, krev løyve etter vassressurslova og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vill vekst langs elva er viktigare enn eit ryddig landskap
Tidlegare har det vore mål for bonden å nytte alt tilgjengeleg areal, og å ha eit ryddig og velstelt landskap heilt inn til bekken. For å gi meir plass til livet i og langs elva, er det no krav om vill vekst der det tidlegare var ønske om eit ope og velstelt landskap. Ulovlege tiltak kan gje avkorting i det årlege produksjonstilskotet.
Kantsoner med naturleg vegetasjon er nyttige av mange grunnar, til dømes oppsamling av næringsavrenning frå enga, bidrag til å hindre erosjon og flaumskadar, skugge for fisk og som viktige leveområde for fuglar, pattedyr og insekt. Sjå nettsak for meir informasjon om kantvegetasjon.
Avstandskrav for alle delar av vassdraget
Ved nydyrking er det ikkje lovleg å dyrke for nær bekkar og elvar. Det skal setjast igjen ei vegetasjonssone mot vassdrag, jf. forskrift om nydyrking § 6. Der det er årsikker vassføring må breidda på vegetasjonssona vere minst 6 meter. Langs bekkeløp som ikkje har årsikker vassføring må kantsona vere minst 2 meter. Vassføringa blir rekna som årsikker når vassdraget ikkje går tørt oftare enn kvart tiande år i snitt. Krava gjeld òg mot dei delane av vassdraget som er kunstig eller endra, som opne kanalar.
For å ta vare på miljøverdiar langs vassdraget kan kommunen fastsetje større bredde på vegetasjonsbeltet, som enkeltvedtak eller i kommuneplan. Kommunen har heimel til dette etter vassressurslova § 11, og det er aktuelt å vurdere for å ivareta krava i naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Vegetasjonssona mot vassdrag skal vere fri for inngrep. Det er berre tillate med forsiktig skjøtsel av vegetasjonen, til dømes plukkhogst for å sikre drenering. Ein kan ikkje felle «alle tre» i generell rydding og hogst. Ein kan heller ikkje bruke sona til deponering av steinmassar frå dyrkinga eller som køyreveg langs slåttemarka!
I Vestland fylke er det 58 verna vassdrag med særskilte verdiar. Her skal rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag leggast til grunn ved utforming av planar, men òg ved handsaming av enkeltsaker. Retningslinjene gjeld i ei sone inntil 100 meter frå vassdragsstrengen.
Mange stader er det behov for å etablere ny vegetasjonssone og restaurere delar av vassdrag i retning tida før inngrep. Tidlegare godt utført arbeid med kanalisering, erosjonssikring og bekkelukking har gitt store ulemper for mellom anna sjøaure, laks og elvemusling. Smalare elveløp, mindre svingar i elva og mindre myrområde og våtmark har gitt auka fare for flaumskade.
Tiltak langs elva må bli vurdert etter andre regelverk
I samband med nydyrking kan det vere ønskje om utretting eller flytting av bekkeløp, kryssing av bekk, bekkelukking eller sikring. Dersom nydyrkinga kan få vesentlege verknader for viktige miljøomsyn eller er større enn 50 dekar, er det krav om konsekvensutgreiing. Løyve berre etter forskrift om nydyrking er likevel ikkje tilstrekkeleg. Kommunen må vurdere om tiltaket er i tråd med arealplan og om det eventuelt er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Kommunen må be om uttale frå NVE og Statsforvaltaren eller fylkeskommunen. NVE må vurdere flaumfare og krav til konsesjon etter vassressurslova § 8. Statsforvaltaren eller fylkeskommunen må gjere vurdering etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Statsforvaltaren forvaltar elvestrekningar med anadrom laksefisk, medan fylkeskommunen forvaltar andre delar av vassdraga. Ulike fysiske inngrep i vassdrag kan utløyse behov for å fjerne kantvegetasjon. Kantvegetasjonen er verna i vassressurslova, og det er berre Statsforvaltaren som kan gi løyve til å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag (jf. § 11 i vassressurslova).
Om ein kan gi løyve til tiltak i ein vassførekomst eller ikkje, er avhengig av om tiltaket kan medføre at miljømåla for ein vassførekomst ikkje blir nådd eller at tilstanden blir forringa, jmf regional vassforvaltingsplan og vassforskrifta § 12. Vurdering må bli gjort i tråd med dei miljørettslege prinsippa §§ 8-12 i naturmangfaldlova.
I Noreg har vi internasjonale og nasjonale forpliktingar og retningsliner til å ta vare på dei store og små vassdraga. I tråd med statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging og tilpassing bør bekkelukkingar unngåast. Det er eit stort fokus på naturbaserte løysingar for å handtere overvatn og klimaendringar, og opne vassdrag er eit av dei beste tiltaka for å handtere kraftigare nedbør. Fleire av FNs berekraftsmål set mål om å verne og restaurere vassdraga våre (delmål 6.6, 13.1, 15.1 og 15.5.), og Noreg skal restaurere 15 % av vassdragsnaturen innan 2030.
Vilkår for gjennomføring er viktig for å unngå skade
Kommunen kan bruke råd frå andre instansar til å vurdere løyve til nydyrkingstiltak nær vassdrag. Det er viktig at kommunen bruker råda til å setje vilkår til eventuell gjennomføring, slik at tiltaka kan bli gjennomført på lovleg vis i samsvar med arealplan og regelverk. Aktuelle vilkår kan vere gjennomføring av tiltak utanom den sårbare perioden for laksefisk (når egg og yngel ligg i grus), eller andre omsyn knytt til raudlista fugleartar, elvemusling m.m.