Partnerskapen inviterer kommunen
Korleis kan kommunane og dei regionale aktørane jobbe saman om næringsutvikling i landbruket?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge inviterer i fellesskap landbruksmedarbeidarar i kommunane til dialogmøte om næringsutvikling.
Det blir arrangert to nettmøter med likt innhald, einaste skilnaden er at ulike kommunar vil halde innlegg på dei to møta. Kommunane kan sjølve velgje kva møte dei vil delta på. Tidspunkt for møta er:
- 27. november kl. 9-11
- 8. desember kl. 9-11
Fint om de melder dykk på innan 23. november.
Føremålet med møta er å informere om arbeidet med landbruk i Vestland fylkeskommune, og informere om korleis verkemiddelapparatet er etter regionreforma. Vi ynskjer også eit tett samarbeid med kommunane i fylket.
Vi har lenge planlagt å reise rundt til dei ulike landbrukskontora for å bli betre kjende, men dette har blitt utsett på grunn av koronasituasjonen. Vi startar difor med korte introduksjonsmøter no, og så håpar vi å reise ut til kommunane våren 2021.