Tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel

Bilde som viser nedlegging av husdyrgjødsel med stripespreiar
Nedlegging av husdyrgjødsel med stripespreiar. Foto: NLR Vest.

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedlegging i eng/gras i vekst på fulldyrka og overflatedyrka areal innan 10. august (i søknadsskjemaet står det «Nedlegging av husdyrgjøldsel, nedlegging i veksande kultur»).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.04.2023

Formålet med tilskotet er å stimulere til at husdyrgjødsel og biorest blir blanda direkte i jordsmonnet i staden for tradisjonell breispreiing med bladspreiar, fanespreiar eller kanon, og at gjødsla vert spreidd på eit gunstig (tidleg) tidspunkt. Gras i vekst har eit langt større næringsopptak frå gjødsla enn gras som er utvakse, og avrenning og tap av næringsstoff frå gjødsla er og mindre tidleg i sesongen. Spreiing av husdyrgjødsel om vår og forsommar vil såleis både gje agronomisk og miljømessig gevinst i høve til seinare spreiing. Nedlegging vil auke gjødslingseffekten, motverke utslepp til luft og redusere forureining til vatn.

Definisjonar:

Biorest: restprodukt frå biogassanlegg
Nedlegging:  gjødsla blir plassert ned på bakken ved hjelp av ulike metodar
Veksande kultur: planter som allereie er etablerte om våren ved byrjinga av vekstsesongen, slik som etablert eng

Tiltaket er ikkje avgrensa til utvalde område, og tiltaket kan gjelde alt fulldyrka og overflatedyrka areal som eit føretak disponerer. Eit føretak treng ikkje fylle krava til tilskotet for alt areal det disponerer, men det arealet det blir søkt om tilskot for skal fylle alle vilkåra til tilskotet.

Tilskotet blir gitt éin gong per areal per år, ikkje for kvar gjødsling. All husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong må vere spreidd før 10. august for at arealet skal kunne godkjennast. Det er forventa at all husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong blir tilført med nedlegging.

Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter den siste spreiinga i søknadsåret. Det skal spreiast minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar. Ved kontroll bør søkar kunne dokumentere bruk av aktuelt utstyr ved å vise fram faktura på leigekøyring, utstyret eller bilete.

Dispensasjon frå den generelle spreiefristen innvilga av kommunen, gjeld ikkje for dei regionale miljøtilskota som tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel. Det vert ikkje gitt dispensasjon frå spreiefristen 10. august for nedlegging, med mindre Statsforvaltaren fastsett ny dato grunna ekstra vanskelege vêrforhold.  

Føretak som mottek tilskotet til nedlegging kan ikkje i same søknadsomgang for det same arealet motta Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen (§ 19) eller Tilskot til nedfelling av husdyrgjødsel (§ 21).

Den som disponerer eit areal (eig eller leiger) kan søke om tilskot for dette arealet, og eit føretak kan søke om tilskotet uavhengig av kven som utfører gjødslinga. Kravet er at gjødslinga er utført som nedlegging, og tilskotet blir utbetalt til den som disponerer jorda. Betaling for eventuell leigekøyring er ei privatrettsleg sak, og tiltaket set ikkje grenser for kor mykje leigekøyring eit føretak kan utføre.

Nedlegging kan brukast i kombinasjon med gyllevogn eller tilførselslange. Mesteparten av tilskotet for nedlegging er lagt til spreiing ved tilførselslange då slangespreiing er eit viktig tiltak for å redusere jordpakking, redusere utslepp av lystgass og betre produksjonspotensialet i jorda. Ved investering vil det såleis lønne seg både agronomisk og økonomisk å kjøpe slange, dersom arealet ein disponerer tillet det. Bruk av mellomlager nær slåttearealet kan gje auka mogelegheiter for slangespreiing på einskildbruk.

Tilskotsavgrensing:
Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel ved nedlegging for inntil 100 dekar per. føretak.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Nedlegging i veksande kultur:  kr 50 per. daa.
    (Nedlegging av husdyrgjødsel i eng/gras i vekst innan 10. august ved ei eller fleire spreiingar)

NB !
Dersom ein brukar tilførselsslange ved nedlegging må ein søke om TO tilskot (Tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel (§ 20), OG Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange (§22) for å få fullt tilskot.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP

Forskjell på nedfelling og nedlegging av husdyrgjødsel

Ved nedfelling tilfører ein husdyrgjødsla direkte ned i jorda. Nedfelling gir god gjødselverknad og er svært effektiv mot lukt. Ved nedlegging (stripespreiar / blekksprut) legg ein derimot husdyrgjødsla ned på bakken mellom graset. Nedlegging gir også god gjødseleffekt og er effektfullt for å redusere lukt. Utstyr for nedfelling er dyrare, tyngre, har mindre arbeidsbreidde og treng meir motorkraft enn utstyr for nedlegging. Utstyr for nedlegging er såleis både mest effektivt og økonomisk, og faren for køyrekadar og andre skadar i torva er mindre ved nedlegging enn ved nedfelling. For å få minst mogeleg marktrykk og fare for køyreskadar bør nedfellings- og nedleggingsutstyr kombinerast med slangespreiing/tilførselslange.

Du kan lese meir om dei ulike metodane for nedfelling og nedlegging i Norsk Landbruksrådgiving sitt hefte Husdyrgjødsel på Vestlandet – nye utfordringar. Her står også mykje anna nyttig informasjon!

Kjelde: NLR Vest, Husdyrgjødselhefte

Minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar

Eit av krava for denne ordninga er at det skal spreiast minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. NIBIO har ein oversikt over næringsinnhald i husdyrgjødsel for dei ulike dyreslaga, du finn aktuelle tabellar her.

Eksempel på utrekning:
Dersom blautgjødsla frå mjølkekyr har ein tørrstoffprosent på 6, så er det i snitt 3,4 kg total-Nitrogen per 1000 kg med blautgjødsel. Då er kravet at ein spreiar minimum om lag 1500 kg blautgjødsel frå mjølkekyr per dekar for å nå 5 kg total-Nitrogen per dekar.

Det vil seie:

  • Minst 3 tonn gylle per dekar, ved blanding av gjødsel og vatn i forholdet 1:1 for å nå kravet om minimum 5 kg total-Nitrogen per dekar (50 % vatn i blandinga)
  • Minst 2 tonn gylle per dekar, ved blanding av gjødsel og vatn i forholdet 2:1 for å nå kravet om minimum 5 kg total-Nitrogen per dekar (33 % vatn i blandinga)
  • Minst 4,5 tonn gylle per dekar ved blanding av gjødsel og vatn i forholdet 1:2 for å nå kravet om 5 kg total-Nitrogen per dekar (67 % vatn i blandinga)

Kjelde:
Næringsinnhold i husdyrgjødsel - tabeller - Nibio, 28.03.2023.