Utlysning av kystskogmidler 2023
Det er sett av 6 mill. kroner over LUF, kap. 1150 post 50, til kystskogbruket for 2023. Årets kystskogmidlar er no utlyst.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kystskogbruket er eit samarbeid mellom Fylkeskommunane, Statsforvaltarane og Skognæringsaktørane i de sju fylka: Finnmark og Troms, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland og Agder. Kystskogbruket ved fylkeskommunane tek årleg imot kystskogmidler over Statsbudsjettet, framforhandla over Jordbruksavtalen. Midlane til kystskogbruket er gjennom ein tiårsperiode løyvd for å bygge opp infrastruktur og kompetanse i skognæringa langs kysten.
I forvaltninga av ordninga legg fylkeskommunen vekt på å bygge vidare på arbeidet som er gjort i kystskogbruket. Fylkeskommunane skal samordne seg slik at midlane i all hovudsak blir brukt til næringsretta fellestiltak og fylkesoverbyggjande prosjekt.
Årets Kystskogmidlar er utlyst her: Kystskogmidler 2023
Spørsmål?
Ved spørsmål om søknadar kontakt Trøndelag, eller Vestland fylkeskommune:
Odd Arne Bratland, tlf. 90 77 43 24, e-post oddbra@trondelagfylke.no.
eller lokalt, Kristin Arnestad, tlf 90 61 68 43, e-post kristin.arnestad@vlfk.no
Kontaktpersonar
-
Torleiv Skage
Tlf: 55 57 21 73 / 97 14 41 24