Velferdsordningar
Velferdsordningane i landbruket skal bidra til å sikre velferda for både bonden og husdyra i ulike fasar og situasjonar i livet.
Avløysing ved ferie og fritid
Føretak med husdyrproduksjon kan få tilskot til utgifter til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot). For å kunne få tilskot til avløysing, må føretaket disponere dyr og søkje om produksjonstilskot innan 15. mars (søknad del 1) eller 15. oktober (søknad del 2) i avløysaråret, og søkje om avløysartilskot innan 15. oktober. Utgifter kan etterregistrerast fram til 10. januar året etter, dersom det er søkt avløysartilskot i del 2. Meir informasjon om tilskotet.
Avløysing ved sjukdom
Tilskotet skal bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon.
Tidlegpensjon
Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangen i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte, og dermed stimulere rekrutteringa.
Landbruksvikar
Landbruksvikarane skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga har ansvaret for at det er landbruksvikarar tilgjengeleg når behovet oppstår. Kontakt det avløysarlaget som dekkjer din kommune eller landbruksforvaltninga i din kommune.
Sjukepengar
Sjukepengeordninga skal sørge for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar berekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukmeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av sin vanlege sjukepengeforvaltning, og søknad må sendast til NAV. Meir om sjukepengar til næringsdrivande hos NAV.