Regionalt miljøtilskot: Spreiefrist for husdyrgjødsel er 10. august
Dei som skal søkje regionalt miljøtilskot for miljøvenleg gjødselspreiing må spreie husdyrgjødsla seinast 10. august på areal dei søkjer tilskot til.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er nokre veker før den ordinære nasjonale spreiefristen 1. september. Fristen er sett for å minske tap av næringsstoff til nærliggande vassdrag og redusere utslepp til luft. Dette gjeld tilskot i heile fylket for å få gjødsla raskt i jorda med stripespreiing eller nedfelling, med eller utan tilførselsslange. Same fristen 10. august gjeld òg for prioriterte vassdrag som har tilskotsordning knytt til tidspunkt for spreiing av husdyrgjødsel.
Tilskota til miljøvenleg gjødselspreiing er nokre av dei mange ordningane i Regionalt miljøprogram i Vestland som skal stimulere til frivillige miljøtiltak i jordbruket. Søknadsfristen er 15. oktober.