Tilsyn med avfallsdeponi
Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med deponi. Tilsyna viser at fleire anlegg har store manglar ved drifta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sidan april 2021 har Statsforvaltaren i Vestland vore på tilsyn på 6 aktive og 2 nedlagde deponi. Alle desse er deponi for ordinært avfall.
Fleire av deponia som er i drift manglar kompetanse om reglane for mottak av avfall til deponi. Dette gjer at det er usikkert om avfallet oppfyller krava for deponering på eit ordinært deponi.
Mange anlegg driv ikkje reinseanlegget for sigevatn på ein optimal måte. Blant anna vert fleire av reinseanlegga tilført store mengder reint vatn som burde heller vore ført utanom reinseanlegget. Ved tilførsle av større vassmengder enn anlegget er dimensjonert for, vert reinsinga av sigevatnet dårlegare.
Før 2010 vart det deponert avfall som inneheldt organisk materiale. Under anaerobe tilhøve blir det utvikla såkalla deponigass frå slikt avfall. Deponigass består i hovudsak av metan (CH4) og karbondioksid (CO2). Fleire anlegg hadde god oppsamling og drift av gassanlegget. Andre hadde gassanlegg som ikkje fungerte. Det var også anlegg som hadde avslutta drifta av gassanlegget utan at det var avklara om det framleis føregjekk utvikling av deponigassutvikling i deponiet. Det er i fleire tilfelle også avdekka manglar knytte til måling og oppfølging av diffuse utslepp frå deponioverflata.
Statsforvaltaren følgjer opp deponieigarane og ber dei om tilbakemelding på funna vi har gjort. Vi planlegg også å komme tilbake på nye tilsyn neste år for å sikre at oppfølginga er tilfredsstillande.
Inspeksjonsrapportane er tilgjengelege på www.norskeutslipp.no