Reinseeffektar i akvakulturanlegg
Bruk av filtrering som reinsemetode i akvakulturanlegg på land og i lukka anlegg i sjø reduserer utsleppa. Best effekt ser vi på utslepp av organisk materiale. Filtrering som reinseteknologi har derimot avgrensa effekt på utslepp av oppløyste næringssalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rapportering til Statsforvaltaren
Alle landbaserte anlegg har vilkår i løyvet om årleg rapportering av utsleppsdata direkte til Statsforvaltaren. Etter å ha fått vel 60 rapportar har vi sett saman nokre hovudpunkt om reinseffekt og utsleppsmengder frå settefisk- og postsmoltanlegga i Vestland.
Rapportane viser at gjennomsnittet for utsleppsreduksjon av nitrogen for alle anlegga er 11,4 prosent. For fosfor er utsleppsreduksjonen 36 prosent og for organisk materiale 34 prosent.
Akvakulturanlegga i Vestland nyttar filtrering som reinseteknologi. Den teknologien er avgrensa til oppsamling av partiklar over ein viss storleik. Det er mogleg å redusere utsleppa av næringssalt ved nitrogenfjerning. Slik teknologi er velkjent i avløpsreinseanlegg, men metoden krev mykje plass og er forbunde med høge kostnader.
Kontroll av løyve til utslepp
Statsforvaltaren gir løyve til utslepp frå akvakulturanlegga. Utsleppsløyva blir gitt for ei definert mengd nitrogen, fosfor og organisk materiale, og er kobla mot produksjonsmengda. Utsleppsløyvet er svar på søknaden. Vi skal kontrollere at utsleppa er i samsvar med rammene i løyvet. Vi har sett at det har vore trong for å betre koplinga mellom søknad og seinare kontroll av utsleppsmengder.
Utsleppa er eit resultat av mengd fôr som er nytta
Utsleppsmengdene kan reknast ut frå total mengd fôr som har gått med. Innhaldet av nitrogen, fosfor og organisk materiale i fôret er kjend. Det som ikkje går til utslepp er det som er att av nitrogen, fosfor og organisk materiale i fisken som er blitt produsert. Utsleppa kan reduserast ytterlegare når det bli nytta filter som samlar opp organiske partiklar, oftast omtalt som slam. Reinseeffekten lar seg enkelt rekne ut når mengd oppsamla slam blir rapportert.
Reinseeffektar i akvakulturanlegg
Bruk av filtrering som reinsemetode i akvakulturanlegg på land og i lukka anlegg i sjø reduserer utsleppa av partiklar av organisk materiale, lakselus og ulike kjemikal. Best effekt ser vi på utsleppa av organisk materiale. Filtrering av utsleppet gir sterk reduksjon i den lokale påverknaden ved utsleppspunktet. Filtrering som reinseteknologi har derimot avgrensa effekt på utsleppa av oppløyste næringssalt. Det er mykje utviklingsarbeid i næringa, men vi ser at det er trong for standardisering av korleis ein reknar ut reinseeffekt.
Standardisert rapportering og utrekning
Statsforvaltaren i Vestland har gitt oppdrettarane eit standardisert oppsett for rapportering av utsleppa. Rapportmalen er direkte kopla til utrekninga av utsleppsmengdene i nyare utsleppsløyve. Vi sit no på ein del erfaringstal for både utsleppsmengder og reinseffektar. Alle anlegga rapporterer på totalt fôrforbruk, biologisk produksjon av fisk, mengde oppsamla slam og målingar av innhald av nitrogen, fosfor og organisk materiale i slammet. Det er vesentleg at desse utrekningane er gjort likt for alle rapportane.
Faktorar som påverkar utsleppsmengdene
Det er stor variasjon mellom anlegga i kor store utslepp dei har, og kor effektivt dei klarar å samle opp slammet. Vi har funne ein klar samanheng mellom storleiken på utsleppa og kor mykje fôr som er nytta i høve til produksjonsmengda, eit forhold kjent som fôrfaktor.
Noko av variasjonen i fôrfaktor kan forklarast med ulik storleik på fisken, om det er laks eller aure, og om fisken blir halde på naturleg temperatur.
Faktorar som påverkar reinseeffekten
Vår erfaring etter å ha hatt ein kontrollrunde med utsleppsrapporteringa er at det er særleg ein faktor som ser ut vil å vere avgjerande på reinseeffekten. Høg fôrfaktor kan gje meir overskotsfôr som hamnar i filteret, og vi ser at det i snitt er høgare reinseeffekt i anlegg med høg fôrfaktor.
Fôrpartiklane i eit settefiskanlegg er små, og dei går raskt i oppløysing. Vår erfaring er at anlegg som filtrerer tett på produksjonskaret, og som nyttar mange filter, har betre reinseeffekt enn anlegg der det er bygt eit reinseanlegg utanfor settefiskanlegget. Det er ein føremon om reinsinga er integrert i produksjonsanlegget.
Anlegget som har rapportert den beste reinseeffekten og dei lågaste utsleppa, har tenkt reinsing integrert i produksjonen. Dette anlegget er utstyrt med 22 beltefilter og 40 trommelfilter.
Gjennomstrøymingsanlegg vs RAS-anlegg
Våre rapporteringstal syner ikkje at det er betre reinsing i RAS-anlegg enn i gjennomstrøymingsanlegg. Ei delforklaring kan vere at vatnet i eit RAS-anlegg har lenger opphaldstid, og at fôrpartiklane i større grad blir løyste opp. Vassparing fører ikkje utan vidare til lågare utslepp. Korleis anlegget er bygd opp og kor lang transportveg vatnet har før filtrering ser ut til å vere ein viktig faktor.
Lukka anlegg i sjø
I Vestland er det ingen lukka anlegg i sjø som har kome i drift og levert utsleppsdata. Slike anlegg vil basere reinsing av utsleppa på bruk av filtrering og oppsamling av slam. Viss reinseeffekten er på nivå med det vi ser i settefiskanlegga, vil lukka anlegg kunne redusere utsleppa av partiklar av organisk materiale. Dette vil føre til langt lågare påverknad på sjøbotnen under anlegga. Men det vil framleis vere store utslepp av oppløyste næringssalt.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Kva er eutrofiering?
Definisjonen på eutrofiering er når det er minst 50 prosent auke i planteplanktonproduksjonen. Denne auken er i første rekke eincella alger, men òg påvekst på tang, tare og substrat i strandsona.
Eutrofiering skjer som følgje av overgjødsling.
Planteplanktonproduksjonen vert overvaka gjennom kjemiske målingar av klorofyll a. Overvaking av ammonium gjev i tillegg informasjon om biologisk aktivitet i vassmassane.
Fôrfaktor
Mengd fôr målt i kg som må til for å produsere ein kg fisk. Fôrfaktor er lågast for liten fisk, og aukar med storleiken på fisken.
RAS-anlegg
Resirculating Aqauculture Systems (RAS) er i første rekkje bruk av teknologi for å redusere vassforbruket. Vatnet sirkulerer fleire gonger i anlegget, og reisning skjer på vatnet som blir ført tilbake til fisken. RAS-anlegg nyttar same reinseteknologi av utsleppsvatnet som gjennomstrøymingsanlegg.