Tilskot til lokale klimatiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan no søkje om tilskot til klimatilpassing og tiltak for reduksjon av klimagassar. Det er Miljødirektoratet som forvaltar ordningane og fordelar midlane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2023

Tilskot til klimatilpassing

Tilskotsmidlane skal nyttast til kunnskapsoppbygging og utgreiingar om konkrete tiltak for klimatilpassing som bidreg til at kommunane og fylkeskommunane vert betre rusta til å møte klimaendringane. Det er sett av 6,4 millionar kronar til ordninga, og søknadsfristen er 15 februar. Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga finn de her: Tilskudd til klimatilpasning

Klimasats

Tilskotsordninga skal bidra til at klimaomsyn vert integrert i kommunar og fylkeskommunar sine aktivitetar. Midlane går til prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Det er satt av 100 millionar kronar til ordninga. Det er også ein eigen utlysing av klimasatsmidlar som gjeld støtte til utsleppsfrie hurtigbåtar.

Den 17. januar arrangerer Miljødirektoratet webinar om ordninga, der dei vil informere om årets prioriteringar og kva søknaden bør innehalde.

Søknadsfristen er 1. mars. Les meir om ordninga på nettsida til Miljødirektoratet: Klimasats - støtte til lokale klimatiltak 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.