Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Alver kommune
Blom Fiskeoppdrett AS fekk 16. februar 2022 løyve til utviding av anlegg og auke i produksjon på lokaliteten Kjeppevikholmen i Alver kommune. Utvidinga på Kjeppevikholmen skjer samstundes med at lokaliteten Laksevika blir lagt ned.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lokaliteten Kjeppevikholmen skal auke arealbruken i tråd med vedteken arealplan for Alver kommune. Produksjonskapasiteten skal aukast til 3900 tonn. Når lokaliteten Laksevika samstundes skal leggjast ned, inneber det at den samla produksjonskapasiteten i Herdlefjorden ikkje blir endra. Det er sett vilkår om å ikkje nytte koparimpregnerte nøter, og om å få utført ei støykartlegging av lokaliteten.
Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.
Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyvet vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere endringar i vedtaket, gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.