Kartlegging av fuktskog i Vestland 2022

I sommar og i haust skal biologar ut og kartlegge fuktskog i fylket. Det er mange artar som treng heilt spesielle fuktforhold for å trivast, og kartlegginga kan bidra til å auke kunnskapen om naturmangfaldet i Vestland. 

I sommar og haust vil biologar kartlegge fuktskog i Vestland. Registreringane skal betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltinga av det biologiske mangfoldet i denne skogtypen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2022

Oppdraget

Vi har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av fuktskog i fylket. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå oss som grunnlag for å prioritere kva område som skal kartleggast i 2022.

Tjue område spreidd over heile fylket

Som del av kunnskapsbehovet i skogvernarbeidet blir det gjennomført systematiske kartleggingar av viktige skogtypar. Det er tidlegare gjennomført kartlegging av m.a. kystfuruskog, edellauvskog, bekkekløfter og kalkskog. Det blir no arbeidd med ei systematisk kartlegging av fuktskog.

Tjue område er plukka ut for kartlegging i Vestland. Områda ligg spreidd over heile fylket, og dekkjer til saman 11 790 dekar. Gjennomsnittleg storleik på kartleggingsområda er 590 daa. Områda er plukka ut ved hjelp av topografiske kart, flyfoto og kart over markfukt, og det er ikkje gitt at ein finn den aktuelle skogtypen i alle områda.

Kartlegginga blir utført av ein biolog på oppdrag for Miljødirektoratet. Aktuelle kommunar har blitt informert om kartlegginga.

Føremål

Føremålet med kartlegginga er å få betre og meir nøyaktig oversikt over område med verdifull natur, mellom anna til bruk i kommunen si arealplanlegging eller som grunnlag for frivillig skogvern. 

Metode

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 109 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Dei fleste av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Kart over einskilde område for kartlegging

Askvoll
Askvoll
Bergen, Hausdal
Bergen, Hausdal
Bjørnafjorden, Hagavik
Bjørnafjorden, Hagavik
Kvinnherad, Handelandsdalen
Kvinnherad, Handelandsdalen
Luster, Skjolden
Luster, Skjolden
Luster, Utladalen
Luster, Utladalen
Lærdal, Fjellheim
Lærdal, Fjellheim
Lærdal, Lunde
Lærdal, Lunde
Lærdal, Molde
Lærdal, Molde
Lærdal, Nivla
Lærdal, Nivla
Masfjorden, Kalhovda
Masfjorden, Kalhovda
Masfjorden, Ålevollane
Masfjorden, Ålevollane
Modalen, Steinsland
Modalen, Steinsland
Sogndal, Supphelledalen
Sogndal, Supphelledalen
Stryn, Kjenndalen
Stryn, Kjenndalen
Sunnfjord, Lunde
Sunnfjord, Lunde
Sunnfjord, Vassenden
Sunnfjord, Vassenden
Sunnfjord, Øyane
Sunnfjord, Øyane

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.