Har du kunnskap om artsmangfald i sjø?
Vi ønskjer å vite meir om kva som finst under overflata langs fjord og kyst i fylket vårt. Fjordfolk lokalt veit ofte meir enn det som er registrert. Dersom du kjenner til artar eller naturtypar i sjøen, vil vi gjerne høyre ifrå deg!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Korallar i vindaugskarmen?
Kanskje du har fått noko rart i garnet, eller lagt merke til "korallar" i vindaugskarmen til bestemor? Kanskje har du fått ein fisk på kroken som du ikkje kjenner, eller padla forbi ein manet som er ulik alt anna du har sett tidlegare?
Manglande oversikt over viktige naturtypar og artar kan i verste fall føre til at desse går tapt på grunn av nye eller auka påverknader frå menneskeleg aktivitet.
Vi ønskjer å bruke ressursane på rett stad
Vi er i gang med verneprosessen for Sognefjorden, og i dette arbeidet er det viktig å samle inn kunnskap om både planar, tiltak og ikkje minst om kva som lever i fjorden. Behovet for kunnskap er stort, og det er fleire kvite flekkar på kartet.
Med tips frå kommunar, fiskarar og fjordfolk som bur her kan vi lettare vite kor vi skal setje inn kartleggingsressurser.
Kvifor er kartlegging av sårbare naturtypar og artar viktig?
Verksemder med utslepp til miljøet må i mange tilfelle søke om løyve frå Statsforvaltaren for å få lov til å forureine. Ein søknad om løyve til ny lokalitet til akvakulturanlegg skal mellom anna innehalde ei forundersøking av miljøet i området som vert råka av utsleppet, og søkaren må også undersøke om det finst kjente sårbare artar eller naturtypar.
I vurderinga av ein søknad etter forureiningslova brukar vi tilgjengelege databasar for å finne informasjon om natur, artar og sjø/vatn som eit eventuelt utslepp går til som kanskje ikkje kjem fram av miljøundersøkingane. For å kunne gjere ei god vurdering, er det viktig å ha oppdatert og dekkande informasjon tilgjengeleg.
Dersom du veit noko av interesse, set vi pris du at du deler din lokalkunnskap
Vi ønskjer å framsnakke Dugnad for havet, ein portal der du enkelt kan melde inn funn av artar og naturtypar. Det treng ikkje vere sjeldne ting du har observert for å melde inn. Artsmangfald i sjø er viktig for samfunnet å kjenne og ta omsyn til, og noko som er vanleg i dag kan bli uvanleg om ti år. Du kan også melde inn søppel, slik at det kan bli sett på ei oppryddingsliste på lengre sikt.
Å legge data inn i databasen Dugnad for havet er verken tidkrevjande eller komplisert. Om det er vanskeleg kan du også ta kontakt med oss. Vi oppmodar alle som sit på verdifull kunnskap til å bruke nokre minutt på å dele sin lokalkunnskap om sjø.
I databasen lastar du også opp bilete, slik at marinbiologer kan artsbestemme funnet om du er usikker på kva det er. Du kan også sjå kva som er meldt inn tidlegare, og såleis bli endå betre kjent der du bur.