Søknad om erstatning for rovviltskade

Frist for søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2023 er 1. november. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.10.2023

Bruk elektronisk søknadssenter

Det er obligatorisk å sende inn søknaden i det elektroniske søknadssenteret til Miljødirektoratet. Dette finn du her: Søknadssenteret. Du kan og gå inn på Miljødirektoratet si heimeside og finne søknadsskjemaet der. Pålogging skjer via ID-porten. Dersom du ikkje har tilgang til eiga datamaskin, eller har problem med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen for å få hjelp. Får du problem med sjølve innlogginga kan du ta kontakt med Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post: esshjelp@miljodir.no.

Søknader som kjem inn etter fristen, utan etter avtale med Statsforvaltaren, vil bli avvist.

Krav om individlister

Dei som søkjer må ha individlister som vedlegg til søknaden. Listene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon. Vi oppmodar søkjarane til å scanne individlistene og laste dei opp i søknaden. Vedlegg kan og sendast på e-post eller post til Statsforvaltaren.

Ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren om du har spørsmål til utfylling av søknaden eller spørsmål knytta til søknaden. 

Dokumentasjon på at husdyr er drepe av freda rovvilt

Det blir utbetalt erstatning for husdyr som Statens naturoppsyn har undersøkt og der dei har konkludert med at det er dokumentert drepe eller truleg drepe av freda rovvilt. Når det ikkje er funne kadaver, eller dødsårsak er ukjent, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering. Søknader frå område utan dokumentert bestand av freda rovvilt og/eller utan dokumentert eller sannsynleg skade vil normalt få avslag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Kontakt Miljødirektoratet