Kritiske samfunnsfunksjonar innan vassdragskalking
Kontinuerleg vassdragskalking utan avbrot er eit viktig og avgjerande tiltak for å sikre god nok vasskvalitet i laksevassdrag som er påverka av forsuring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Miljødirektoratet, Fylkesmannen og kommunane som i samarbeid driv kalkingsarbeidet.
Tilbod om tilsyn av barn
Miljødirektoratet har gjort ei vurdering av kva deler av kalkingsverksemda som har kritiske samfunnsfunksjonar:
Ansatte som trengst for å oppretthalde produksjon, levering eller drift av kalkdoseraranlegg, og som jobbar etter kontrakt med Miljødirektoratet/Fylkesmannen, er vurdert til å ha samfunnskritisk funksjon. Desse er omfatta av tilbodet om tilsyn av barn.
Kalking i Vestland
Fem vassdrag i Vestland har kalkdoseraranlegg: Uskedalselva i Kvinnherad, Ekso i Vaksdal, Modalselva i Modalen, Frøysetelva i Masfjorden og Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler kommune.
Kontaktpersonar
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47