Energisaker i 2021

Sysendammen i Eidfjord kommune. Dammen demmer opp Sysenvatnet og er eit av magasina i Eidfjord Nord utbygginga. Miljøtilhøva i eldre vassdragsreguleringar kan betrast ved å revidere konsesjonsvilkåra. Det er opna for revisjon av konsesjonsvilkåra til Eidfjord Nord-utbygginga.
Sysendammen i Eidfjord kommune. Dammen demmer opp Sysenvatnet og er eit av magasina i Eidfjord Nord utbygginga. Miljøtilhøva i eldre vassdragsreguleringar kan betrast ved å revidere konsesjonsvilkåra. Det er opna for revisjon av konsesjonsvilkåra til Eidfjord Nord-utbygginga. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 69 energisaker i 2021, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2022

Energisaker i 2021 fordelt på vasskraft-, nett, - og vindkraftsaker:

Sakstype Vasskraft Nett Vind Sum
Konsesjonssøknadar/planendringar 12 2 0 14
Detaljplanar/MTA-planar 20 4 2 26
Andre søknadar/planar 9 19 1 29
Totalt 41 25 3 69

 

Statsforvaltaren får på høyring saker som gjeld utbygging, revisjon og vedlikehald av vasskraftanlegg, kraftlinjer og vindkraftverk. Ei viktig oppgåve for oss er å vurdere konsekvensar for viktig naturmiljø og friluftsinteresser. Vidare er vi forureiningsmynde og har sektoransvar for beredskap og landbruk.

Vasskraft

Tal konsesjonssaker har gått ned dei seinare åra, men ser ut til å ha stabilisert seg på 10 -12 søknader. Nedgangen var venta, på grunn av fristen for dei grøne sertifikata. Det er derimot mange saker som gjeld revisjon av konsesjonsvilkår for gamle utbyggingar som står for tur. Vi fekk to revisjonssaker på høyring, og dette gjaldt Vik- og Arnafjordutbygginga og Eidfjord nord. Føremålet med ein revisjon er å vurdere konsesjonsvilkåra opp mot dagens miljøkrav, og det er særleg viktig å vurdere om det er tilstrekkeleg minstevassføring. Det var berre to heilt nye utbyggingsprosjekt på høyring, og vidare to søknadar om utsett byggjefrist, og tre planendringssøknadar.

Ein liten auke i det samla saksomfanget i 2021 kan forklarast med fleire søknadar om avvik frå manøvreringsreglement, noko som kan vere nødvendig ved rehabilitering av damanlegg. Dette er saker som ofte er oversiktlege og har små konsekvensar for naturmiljøet. Mengda detaljplanar var litt lågare enn året før, og var likt fordelt på nye utbyggingar og rehabiliteringsprosjekt. Som det ligg i namnet, er det snakk om detaljutforming innafor rammer/føringar lagt i konsesjonane. Vi ser til at viktige naturmiljø og friluftsinteresser blir ivaretatt så godt som råd.

Bjølsegrødammen, Ålvik i Hardanger. Med del av 420 kV kraftlinja Sima-Samnanger i bakgrunnen.
Bjølsegrødammen, Ålvik i Hardanger. Med del av 420 kV kraftlinja Sima-Samnanger i bakgrunnen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Eyvin Sølsnæs.

Nettanlegg

Konsesjonssøknadane og detaljplanane (oftast miljø-, transport- og anleggsplanar, også kalla MTA-planar) omfatta både store kraftlinjer, planendringar for delstrekningar, og nye transformatorstasjonar. Det kom berre to konsesjonssaker på høyring i 2021, mot seksten året før. Dette er truleg berre ein mellombels nedgang, då det er under planlegging fleire større tilførselstraséar som vil kome på høyring framover. Våre innspel kan gjelde val av traséalternativ, plassering av master, og skogrydding, for å ta omsyn til viktige naturtypar og truga artar.

Andre typar saker/planar gjaldt foreleggingar av tiltak innafor gjeldande områdekonsesjonar. Slike utbyggingar kan likevel omfatte lengre strekningar med luftlinje eller kabel, og som kan påverke viktige naturmiljø. Fleirtalet av foreleggingane i 2021 gjaldt nettstasjonar, kabelanlegg og kraftlinjer knytt til eksisterande inngrep, og var i hovudsak lite i konflikt med viktige naturmiljø. Vi gav innspel i langt færre slike saker i 2021 enn året før. Forklaringa er at vi fekk færre saker på høyring, men òg at nettselskapa i større grad har teke omsyn til naturmiljøet i planlegginga.

Rydding av kraftgater i gamle og biologisk verdifulle skogområde er i mange tilfelle unødvendig. Eit døme er gamal furuskog, der det er lett å sjå på trea at dei har avslutta høgdeveksten. Òg i slike område har det vore vanleg prosedyre å felle trea, sjølv der dei ikkje når og aldri vil nå opp i farleg avstand til kraftlinene. Slik vil store miljøverdiar kunne gå tapt til ingen nytte. Vi har dei seinare åra hatt tett og god dialog og gått opp nokre linjetraséar i lag med nettselskap. Slik har vi i fellesskap kome fram til ein ryddeprosedyre som skånar område med høg naturverdi.

Ulikt mange andre treslag stoppar furu høgdeveksten når trea når ein viss alder, og ulikt andre treslag er det lett å sjå når dette skjer. I vekstfasen har furu ein spiss topp med greiner som peiker oppover. Når treet er utvakse, flatar greinene ut til sida og blir meir horisontale, òg i toppen.
Ulikt mange andre treslag stoppar furu høgdeveksten når trea når ein viss alder, og ulikt andre treslag er det lett å sjå når dette skjer. I vekstfasen har furu ein spiss topp med greiner som peiker oppover. Når treet er utvakse, flatar greinene ut til sida og blir meir horisontale, òg i toppen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Vindkraft

Vi hadde på høyring detaljplanar/MTA-planar for Guleslettene vindkraftverk og Okla vindkraftverk, og eit revidert etterundersøkingsprogram for Guleslettene vindkraftverk. Vi rådde frå dei to detaljplanane på grunn av mangelfullt kunnskapsgrunnlag, og etterundersøkingsprogrammet på grunn av avvik frå krav i konsesjonen.

Eit generelt problem med vindkraftsaker er at konsekvensutgreiingane, og dels også konsesjonane, kan vere 8-10 år gamle, og at eit tynt undersøkingsprogram ikkje er supplert med ny kunnskap slik det bør gjerast etter reglane i naturmangfaldlova.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.