Informasjonsmøte om utviding av Steinevik naturreservat i Austevoll
Kystlytnghei er ein naturtype som er sterkt truga i Noreg, men i Austevoll er det store, samanhengjande areal med denne verdifulle naturen. I samarbeid med Selbjørn grunneigarlag inviterer vi til ope møte for å høyre di meining om supplerande vern i dette området. Velkomen!
Stad: Austevoll folkebibliotek i Bekkjarvik
Tidspunkt: Tysdag 5. desember kl 18.00.
Føremålet med informasjonsmøtet er dialog
Kandidatområdet for vern er på om lag 9 000 dekar og utgjer i hovudsak svært viktige naturområde med kystlynghei. Vi ønskjer å informere om bakgrunnen for kvifor vi ønskjer å verne området, og kva eit vern vil innebere for bruken vidare. Vi er tilgjengelege for dialog og spørsmål. Det er ingen påmelding til møtet, og møtet er ope for alle.
Møtet vert arrangert i samarbeid med Selbjørn grunneigarlag.
Vern vil kunne sikre tradisjonell drift
Utviding av Steinevik naturreservat vil sikre området mot nye inngrep og gjere det lettare å finansiere framtidig tradisjonell lyngheidrift og beitebruk av området.
Nasjonalt viktig natur
Kandidatområdet i Austevoll er eit stort kystlyngheiområde på Selbjørn. Kystlynghei er klassifisert som ein sterkt trua naturtype i Norge. Her har det vore tradisjonell drift med lyngbrenning og heilårsbeite frå langt tilbake i tid.
Røsslyngtypen dominerer i området, men purpurlyngtype finst som små bestandar i sørvendte skråningar. I område med glimmerskifer og fylitt har røsslyngheia ei svært artsrik og til dels varmekjær utforming. Det er også registrert fleire mindre lokalitetar med olivinmark med kjenneteikna artar for denne baserike berggrunnen innafor kandidatområdet.
Lokalkunnskap er viktig
Vi ønskjer også å få meir informasjon frå lokalkjente og tips om det er interesser og brukarar vi no i tidleg fase av arbeidet bør gå i dialog med. Vi håpar også å få moglegheit til å ytterlegare informere politikarane i kommunen ved seinare høve. Sjå lenkje her for å opne digitalt kart.