Ser vi ikkje skogen for berre tre?
Skogen husar over halvparten av alle artar i Noreg. Han utfører vitale tenester for oss menneske og er heilt avgjerande i kampen mot klimaendringane. Skogen står også lageleg til for hogg.
Tysdag den 21. mars er den internasjonale verdensdagen for skog. Vi vil markere dagen ved å løfte fram dei unike kvalitetane i skogane rundt oss.
Variert skog = varierte bustader
Alle treng vi ein plass å bu. I skogen er det rom i herberget til mange, men det er avhengig av at skogen er meir enn ei samling med tre. Dersom du går i ein planta granskog her på Vestlandet, der alle trea har lik alder og dei står pent og pynteleg på rad, vil du truleg sjå eit ganske lite mangfald av artar. Dersom du derimot går i ein skog med fleire sjikt i vegetasjonen, med ulik alder og form på trea, ulike treslag og varierte vekstar på skogbotn – ja, då vil du sjå og høyre eit mylder av ulike plantar, lav, fugl og dyr. Særleg ståande og liggjande døde tre er gull for sopp, lav og insekt. Det kan vere like mange innbyggjarar i ei død trestamme som det er personar i heile Bergen by.
Gull i grøne skogar
Det er mykje gull i form av biomangfald i skog, for skogen husar 60 prosnet av alle landlevande artar i landet vårt. Frivillig skogvern er ei ordning der skogeigarar, heilt etter eige ønske, byr skogen sin til vern mot erstatning. Slik kan grunneigarar få kompensert det som er gull for landet, til å bli gull for dei. Dette er noko av bakgrunnen til at skogvern er ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren i Vestland.
Vi verna meir enn 10 000 dekar verdifull skog i 2022
I 2022 vart det verna sju nye skogområde i fylket vårt. Meir enn 10 000 dekar nytt areal med status som naturreservat gir meir vern av raudlisteartar og naturtypar som bekkekløfter, kalkfuruskog, ulike typar edellauvskog og regnskog. Sjå til høgre for kva område vi fekk verna i Vestland i 2022.
Stortinget set årleg av penger for å verne skog i Noreg, men løyvinga har gått ned. Bremsen i skogvernarbeidet medførte at vi takka nei til område vi elles håpa å gå vidare med. Verneprosessane tek også lengre tid. Vi håpar at reduksjonen i skogvernbudsjettet ikkje vil redusere framgangen i 2023, då vi er redde for at effekten av reduserte budsjett vil påverke tilbodet av nye område eller at grunneigarar trekkjer seg fordi det tek for lang tid.
Trugsmål mot natur
Mange trur at klimaendringar er det største trugsmålet mot artar og naturtypar i landet vårt. Det er faktisk ikkje rett. Det er den store nedbygginga og endringa av areal som bidreg til at kjente og folkekjære fuglar, plantar og dyr går ei tyngre framtid i møte. Det er summen av all nedbygging av natur, bit for bit, som bidreg til reduksjon av intakte naturområde. Les om det ville og vakre Vestland som er hardt pressa her.
Om skogen forsvann ville konsekvensane vore enorme for alt liv. Skogen gir oss reint vatn, frisk luft, lagrar karbon og hindrar erosjon. På verdsbasis har fire av fem artar tilhald i skogen. Vern av skog er den beste måten å ta vare på sjeldan, truga eller sårbar natur, og frivilligheit gir det beste grunnlaget for å jobbe med skogvern.
Kvifor vern?
For å hindre tap av naturmangfald sette dei folkevalde på Stortinget eit mål om å verne 10 prosent av all skog i Noreg. Skogvern er eit effektivt verktøy for å ta vare på leveområdet til spennande artar som til dømes hønsehauk, fuglekonge, huldrestry og hare. I skogen finn vi også mat, medisinar, ved og material til hus og heim. I Vestland har vi verna litt meir enn 3 prosent av skogen, og har framleis eit godt stykke att til målet om 10 prosent.
Skogen bind mest karbon under bakken
Vern av skog er eit viktig verkemiddel for å nå FN sine berekraftsmål nummer 13 og 15. Måla handlar om å stoppe klimaendringane og ta vare på livet på land. Jamfør mål 13 skal vi handle umiddelbart for å nedkjempe klimaendringane og konsekvensane av dei. Skogen er viktig i eit klimaperspektiv, fordi den bind store mengder karbon. Særleg gamal skog bind store mengder karbon i jorda. Gjennom vern av skog unngår vi nedbygging og tap av karbonrike areal.
Vi jobbar på lag med grunneigarane
Berekraftsmål nummer 15 handlar om å ta vare på livet på land, mellom anna ved å stanse tapet av artsmangfald. Skogvern er eit viktig tiltak i arbeidet med å nå dette målet. Gjennom ordninga med frivillig skogvern kan skogeigarar tilby vern av eigen skog mot erstatning. Vi jobbar for tida med fleire skogvernprosjekt i heile fylket. Sjå lenkja i høgremargen for meir informasjon om frivillig skogvern og for å sjå nokre av skogane som er i offisiell verneprosess no.
Vi klarar ikkje å takle klimakrisa utan å forhindre naturkrisa
På naturtoppmøtet i Montreal desember 2023 vedtok verdas land å verne 30 % areal både på land og i havet. Dette er den mest ambisiøse og bindande naturavtalen verda har sett, og aldri har naturen hatt eit sterkare rammeverk. Landa skal iverksetje umiddelbar handling for å stoppe tap av naturmangfald. Eitt av verkemidlane i skogbruket skal t.d. vere å auke driftsmetodar som fremjer naturmangfald. Landa har også forplikta seg til å redusere subsidier som er skadelege for naturmangfaldet. I dag blir det globalt t.d. gitt fem ganger så mykje subsidier til å øydeleggje natur som å verne natur.
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Magnus Johan Steinsvåg
Tlf: 55 57 23 25 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50